![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/1223251621/klepp_kommune.png)
Spesialpedagog/lærar
- Arbeidsgiver: Klepp kommune
- Stillingstittel: Spesialpedagog/lærar
- Frist: 02.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Vi treng fleire med på Kleppe skule-laget, og søker nå etter ein motivert og engasjert spesialpedagog som ønsker å arbeide på ein spennande og stor barneskule med gode kollegaer.
Er du lærar med spesialpedagogikk og ønsker ein spennande stilling med moglegheit for utvikling og nye arbeidsoppgåver? Du vil kunne få jobbe 100% med spesialpedagogiske oppgåver både direkte med elevar og systemarbeid. Vi har ledig fast stilling i 100% frå 1.august 2024. Er dette noko for deg, send inn ein søknad! Ta gjerne kontakt for spørsmål og ytterlegare opplysningar.
Kleppe skule er ein barneskule med 475 elevar. Vi har sentral plassering med god buss forbinding, uteområdet vårt er stort og godt og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine. Vi har eit flott personal med god kompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Ved skulen har vi språkstasjon, som er ein eigen avdeling med norskopplæring for elevar som kjem nye til landet.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- Spesialpedagogisk undervisning i gruppe og klasse på mellomtrinnet (5.-7.trinn), kan og vere aktuelt med 1.-4.trinn.
- Individuelt tilpassa opplæring og generell tilpassa opplæring.
- Faglege kartleggingar av elevar.
- Utarbeiding av IOP, rapportar og henvisningar.
- Spesialpedagogisk koordinator
- Medlem i skulen si ressursgruppe
- Rettleie personal i spesialpedagogisk arbeid
- Tett samarbeid med personal og leiing.
- Samarbeide med aktuelle instansar som PPT, BUP og helsesjukepleiar.
- Samarbeide med føresette.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse, GLU 1-7, GLU 5-10 eller allmennlærarutdanning. Barnehagelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk kan og vere aktuelt.
- Utdanning i spesialpedagogikk
- Kompetanse i generelle og spesifikke lærevanskar.
- LOGOS-sertifisert eller motivert for å gjennomføre LOGOS-sertifisering
- Erfaring med arbeid i grunnskulen.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Før ein tiltrer stillinga må godkjent politiattest og tuberkulinprøve leggjast fram.
Personlege eigenskapar
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar.
- Du er ein varm og tydeleg klasseleiar og vaksenperson.
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar.
- Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane.
- Du er strukturert og kan arbeide sjølvstendig.
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid.
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandskevitnemål må være NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversattetil et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjonpå blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kangi uttelling på lønnsansiennitet.
Vi tilbyr
- Klepp kommune har gode velferds-, pensjons- og forsikringsordningar.
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Viervegen 10, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Spesialpedagog, Lærer
- FINN-kode 354220827
- Sist endret
Lignende annonser
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
Førsteamanuensis i spesialpedagogikk/ utdanningsvitenskap/lesevitenskap
Universitetet i Stavanger
![Sola kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/03/7/355/560/737_20072c95-b587-42b7-b988-cdbdc2bd6d21.jpg)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
![Hålandsmarkå barnehage logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/23/2/353/965/622_b4b0565a-d215-42f9-8dd7-fa8da03e46ec.jpg)
![Time kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/06/6/356/047/106_47670a73-eb0a-4bad-8d57-5b53d951d887.jpg)
![Stavanger kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/07/8/356/177/578_e579785b-6aaf-4272-b768-9d289e30f53f.jpg)
![Klepp kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1223251621/kleppresultat.png)
Undervisningsstilling - samfunnsfag, historie og religion - 100% vikariat
Rogaland fylkeskommune
![Sola kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/31/3/355/163/693_4e631bb7-a649-4269-bef3-e0c447e929df.jpg)
![Gjesdal kommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/07/2/356/136/852_0d6cf0d5-a216-4f51-800b-d28d4c6f53c8.png)