![Regnskapssentralen AS (orgnr. 999 130 143) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/29/9/354/921/219_ce247dd1-8f3f-40be-b329-347a9d5f45c4.png)
![Helse Førde logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/0/logo_hf_48200.png)
Rekneskapskonsulent
- Arbeidsgiver: Helse Førde
- Stillingstittel: Rekneskapskonsulent
- Frist: 16.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Vil du komme og jobbe i ein spennande og utviklande stilling i Helse Førde?
Rekneskapsseksjonen har ledig 100% fast stilling som rekneskapskonsulent med snarleg tilsetjing.
Rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga til Helse Førde som samla har omlag 20 tilsette. Vi har eit nært samarbeid med seksjonane i Helse Førde samt med dei andre helseføretaka i Helse Vest. Vi nyttar rekneskapssystemet SAP.
Vi oppmodar gjerne nyutdanna innan økonomi og personal til å søkje. Det vil bli gitt grundigopplæring.
Velkommen til Helse Førde!
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver i samband med behandling av inngåande faktura, samt bistå i rekneskapsføring og andre førefallande rekneskapsoppgåver.
- Support og oppfølging av organisasjonen
- Bidra til utvikling og effektivisering av rekneskapsseksjonen
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan rekneskap og økonomi. Nyutdanna oppfordrast til å søkje. Brei erfaring frå rekneskapsarbeid kan bli vurdert.
- God økonomi-/rekneskapsforståing
- Fordel med Excel kunnskap og evt andre databehandlingsverktøy
- Gode digitale ferdigheter, evne til å handtere ulike system. Kjennskap til SAP er ein fordel, men opplæring vil bli gitt
- Søkjar må meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Evne til å kommunisere godt med kollegaer, leverandørar og kundar
- Stor grad av fleksibilitet og godt humør
- Trivast med å arbeide i team for å sikre kontinuitet og gode løysingar
- Positiv til å delta i arbeid med utvikling og endringar. Dette gjeld både lokalt og regionalt.
Vi tilbyr
- Stillinga vert løna etter nærare avtale basert på kvalifikasjonar og erfaring
- Fleksitid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt og høgt fagleg nivå på dine kollegaer
- Sentrale og fine arbeidsforhold
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap / Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Regnskap, Rekneskap, Helse Førde, Økonomi, Konsulent
- FINN-kode 354211242
- Sist endret
Lignende annonser
![Regnskapssentralen AS (orgnr. 999 130 143) logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/29/9/354/921/219_ce247dd1-8f3f-40be-b329-347a9d5f45c4.png)
![Florø Skyssbåt AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/08/4/356/313/644_5c4393ab-e191-4b76-81fb-999c64c56e13.jpg)
![Sparebanken Sogn og Fjordane logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1696428985/14_-961673893_medium_1740366110198756312.png)
![Sunnfjordparken AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/14/2/352/941/172_30ad9f7a-004c-4ee2-99dc-f4513bda17b4.png)
![Randstad AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-1/21/8/352/125/588_fedd2001-a5a8-417c-bb8d-2aeb71d0f43e.png)
![VB Gruppen logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/6/357/178/476_701b1e4f-483f-4ab4-a5ac-19ca2e5374bc.png)
![Carlings logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/397358543/iad_394365075525221366carlings_ny.png)
![Extra Naustdal logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/163018327/iad_5921699905205734815coop_nordvest_jpg-format.png)
![Auto 8-8 Forum AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/11/1/353/848/051_2568dd2c-cb7f-45b2-aaa5-2be437e8e4b2.jpg)
![Manpower logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-1/07/9/356/197/829_c62c8325-3f5e-4c14-9dd6-88c9e0cfffae.jpg)
![J.A. Magnussen Engros AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/15/2/353/159/232_e589d624-4a7d-4797-9fcf-6c929c724ac7.jpg)
![Extra Førde logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/163018327/iad_5921699905205734815coop_nordvest_jpg-format.png)