Vil du utvikle løysingar med meining?
- Arbeidsgiver: Helse Vest IKT
- Stillingstittel: Systemutvikler
- Frist: 09.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Helse Vest IKT utviklar mange spennande løysingar for helsepersonell og pasientar ved sjukehusa på Vestlandet. Vi er stolte av å levere 100% samfunnsnyttige system med god kvalitet. Vi deltek i mange og varierte utviklingsaktivitetar, frå innovasjonsprosjekt til større løysingar for å automatisere og effektivisere i sjukehusa. I tillegg til utvikling av ei rekke webløysingar og integrasjonar, er vi involvert i prosjekt knytt til bruk av VR, IoT og maskinlæring/AI i sjukehusa. Vi tek i bruk nyaste teknologi der vi kan, og meiner at trivsel og kontinuerleg kompetanseutvikling er ein føresetnad for å drive god utvikling.
Seksjonen Utvikling består av omlag 50 høgt kvalifiserte systemutviklarar, arkitektar og UX-designarar fordelt på ni team. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.
Arbeidsstad er Bergen.
Arbeidsoppgåver
Utvikling i vår utviklingsplattform som består av Microsoft.NET (C#, ASP.NET, Enity Framework, MVC, SQL) og Angular (TypeScript, JavaScript, CSS). Vi køyrer på ein hybrid plattform med tenester både i Azure og on premise.Kvalifikasjonar
- Du har relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Du har erfaring med utvikling (frontend, backend eller fullstack).
- Det er ein fordel om du har kjennskap til og interesse for programvarearkitektur og datamodellering
- Dersom du har kjennskap til eller interesse for skyteknologi er det også eit pluss.
- På same måte som oss har du forståing for at tryggleik, nettverk og infrastruktur er essensielt for eit trygt helsevesen.
- Dersom du er ein pådrivar for smidig metodikk tel det positivt.
- Hos oss går utviklinga føre i tett dialog med våre brukarar. Det er difor viktig med både gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk.
Personlege eigenskapar
- Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
- Du liker å halde deg oppdatert på trendar, utviklingsmetodar og verktøy for moderne systemutvikling og synast fagleg påfyll er givande.
- Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samtidig som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
- Du likar å jobbe sjølvstendig, men sett pris på å vere del av eit team.
- Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
Vi tilbyr
Høyrast det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, fagdagar og kurs.
- Høve til å vere med å påverke kva prosjekt du jobbar i.
- Høve til å påverke kva fagleg retning du vil utvikle deg vidare i, enten det er innanfor Azure/skytenester, backend, frontend, fullstack og så vidare.
- Engasjerte kollegaer.
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi elskar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillet det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: IT utvikling / Full stack utvikler, IT utvikling / Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Systemutvikler, Fullstack, Angular, .NET, Backend
- FINN-kode 354127525
- Sist endret