Vi byggjer opp eit koordinatorteam i Førde - er det deg vi ser etter?
- Arbeidsgiver: NORTRONIK AS
- Stillingstittel: Servicekoordinator
- Frist: 14.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Nortronik er ein erfaren totalleverandør innan brannsikkerheit. Gjennom eit breitt kontaktnett og solide kunderelasjonar er vi ein etablert aktør i bransjen, med ei kundeportefølje i stadig vekst. No ser vi etter dyktige medarbeidarar til vårt nye koordinator-team i Førde.
Som servicekoordinator får du ansvaret for å koordinere og hjelpe våre teknikera med å levere kundetenester i verdsklasse. Vi søkjer deg som vil spele ei aktiv rolle i vår ambisjon om å vere ein livsløpspartnar for alle interessentar tilknytt oss, og som kan bidra til å sikre dine og våre verdiar for framtida. Vår visjon er å vere det naturlege valet innan brannvern, og vi verdset punktlegheit, ærligheit og pålitelegheit høgt.
Korleis vil din arbeidskvardag sjå ut?
Som servicekoordinator vil du ha arbeidsplassen din på vårt hovudkontor i Førde. Vi byggjer opp eit team med fire koordinatorar; i dag har vi to erfarne koordinatorar på kontoret, og vi utvidar no med to til. Du vil bli ein del av eit stort og positivt arbeidsmiljø med støttande kollegaer som heiar på kvarandre, samtidig som vi konkurrerer internt for å bli best. Som servicekoordinator vil du ha ansvaret for å koordinere våre serviceteknikarar, som er lokalisert på tre avdelingar. Du vil ha løpande dialog med kundar og leverandørar, og tilpasse løysingar etter kunden sine ønsker, krav og kost/nytte-vurderingar.
Dine arbeidsoppgåver vil bestå av:
- Planlegging og koordinering av faste oppdrag for kundar, inkludert ressursplanlegging, reise, overnatting og behov for delar.
- Rapportering og fakturering
- Koordinering av ressursar, inkludert ferie og avspasering
- Bestilling og ajourhald av nødvendige delar og utstyr til oppdrag
- Time- og materiellgodkjenning
Oppdraga våre kan vere både maritime, offshore og landbaserte, både nasjonalt og internasjonalt. Dei varierer frå årlege kontrollar til større ombyggingar, resertifiseringar og ad hoc-jobbar. Reising til avdelingane i Ålesund og Lillestrøm må påreknast, men dette tilpassast og planleggast etter behov.
Kvalifikasjonar:
For å lukkast i denne rolla er det viktig med sterke kommunikative evner på både norsk og engelsk, munnleg og skriftleg. Du vil ha mange kontaktpunkt, både internt og eksternt, og det er avgjerande at du handterer desse på ein profesjonell måte.
Det er ein fordel om du har erfaring med koordinering og god økonomisk forståing. Vi ser for oss at du vil trivast i rolla dersom du er initiativrik, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne. Det er også viktig med god orden og struktur, IT-kompetanse og førarkort.
Kva kan vi tilby deg?
- Sjansen til å få vere med på oppbygginga av eit heilt nytt koordinatorteam
- Ein spennande arbeidskvardag med eit godt koordinatorteam som er i særstilling både i regionen og bransjen.
- Ei sentral rolle i selskapet med brei kontaktflate både internt og eksternt.
- Ein god onboardingsprosess for å sikre dine føresetnader for å lukkast i jobben.
- Kurs og kompetanseutvikling – våre tilsette får tilbod om kursing både internt og eksternt.
- Moglegheit for ei hybrid arbeidsform knytt til hovudkontoret i Førde.
Nortronik jobbar aktivt for å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet vårt. Hos oss skal det vere høg takhøgde der du som tilsett blir sett og høyrt. Vi har kort veg frå idé til beslutning, sidan vi har lokale eigarar som er aktivt involverte i bedrifta. Vi legg til rette for sosiale samankomstar som samlar alle avdelingane og skapar eit godt samhald og tilhøyrsel. Dette bidreg til å bygge sterke team, eit solid fagmiljø og kompetanse på tvers av avdelingane.
Vi verdset engasjement og vilje til å strekke seg litt ekstra for kundane og kollegaene. Vi strekk oss langt for å tilretteleggje for balanse mellom jobb og fritid, og tilpassar oss ulike behov ved ferieavvikling og i arbeidskvardagen elles.
Vi skal sikre nasjonale og internasjonale verdiar - vil du vere med på reisa saman med oss?
Er du klar for å ta neste steg i karrieren din saman med oss? Send inn din søknad i dag!
Ved spørsmål om stillinga kan du kontakte rekrutterar Regine Gausemel på tlf: 954 40 058.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Organisasjonen består av 36 tilsette med bred og variert kompetanse på fagområder som brannvern og brannsikkerheit. Vår visjon er å være det naturlige valget innen brannsikring. I vårt arbeid mot dette, er det å være punktlig, ærlig og til å stole på, verdier vi verdsetter høyt.
Nøkkelord
Koordinator, Servicekoordinator, Rapportering, Brannsikring, Kommunikasjon
(1/3)
- FINN-kode 354122140
- Sist endret