![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2020/12/vertical-5/04/1/5f2/e67/80-/361/2-1/1eb/-bb/01-/dd5/434/8f1/201_402531410.jpg)
Bli med å ta våre fellesløysingar til nye høgder
- Arbeidsgiver: Digitaliseringsdirektoratet
- Stillingstittel: systemutviklarar
- Frist: 04.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Me søker erfarne systemutviklarar
Om stillinga
Digitaliseringsdirektoratet utviklar digitale fellesløysingar som gjer Norge enklare! Me søker erfarne systemutviklarar til to av våre produktteam som arbeider med utvikling av nasjonale fellesløysingar.
MinID-teamet utviklar den offentlege eID MinID:
- MinID er ein elektronisk ID utstedt av det offentlege, og har ei sentral rolle for all norsk ungdom når dei blir digitale brukarar.
- MinID er del av ei rekke spennande prosjekt som vil gjere det enda enklare å ta i bruk elektronisk ID.
Kundetenester-teamet arbeider med løysingar for sjølvbetjening og statistikk:
- Sjølvbetjening av integrasjonar og tilgangar til Digdir sine fellesløysingar
- Interne løysingar for å administrasjon og forvaltning
- Løysingar for administrasjon av sluttbrukarar
- Statistikk for bruk av våre fellesløysingar
Hjå oss blir du del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Me har stort fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, og arbeider med spennande teknologiar. I vår avdeling blir du ein del av eit større fagmiljø på om lag 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Teama arbeider smidig og har stor grad av autonomitet. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digdir.
Stillingane er fast med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar i Brønnøysund eller Oslo kan vurderast i særskilde tilfelle.
I tillegg til interessante faglege utfordringar tilbyr me fleksibel arbeidstid og fantastiske moglegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Regionen har trygge og gode oppvekstmiljø for born, eit ungdommeleg studentmiljø, samt mange spennande fritidstilbod som gjer den til ein attraktiv stad å bu i for folk i alle aldrar.
Dine oppgåver
- systemutvikling i eit smidig, DevOps-orientert produktteam med ansvar frå krav til produksjon
- delta i design, utvikling og forvaltning av våre fellesløysingar
- bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke
- vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse og rettleie andre utviklarar
- jobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye løysingar ved bruk av sky-teknologi
- utvikling av native mobilapp for Android / iOS
Dine kvalifikasjonar
- bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling (lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet)
- relevant erfaring innanfor systemutvikling
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Sikkerhetsklarering:
Stillingen krever at du kan autoriseres for BEGRENSET etter bestemmelsene i sikkerhetsloven.
Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område
- systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
- løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
- erfaring fra smidig utviklingsmetoder og teamarbeid
- kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
- erfaring med applikasjonssikkerheit og sikker utvikling
- erfaring med drift og utvikling av applikasjoner på kubernetes-basert plattform
- erfaring med kotlin / swift for native apputvikling
Vi søkjer deg som
- kan jobbe sjølvstendig og i team
- tek initiativ når du ser nye moglegheiter
- er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
- har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
- ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk
Vi tilbyr deg
- arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- løn etter avtale
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i veka i arbeidstida
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
- Seksjonssjef Jørn Stenehjem telefon 911 46 279
- Teamleiar MinID Eldar Venes telefon 913 28 347
- Teamleiar Kundetenester Knut Kjærvik telefon 907 87 394
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Om arbeidsgiveren
Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: IT, IT - programvare, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT utvikling / Front-end, IT utvikling / Utvikler (generell), IT utvikling / App utvikler
- FINN-kode 354110582
- Sist endret
Lignende annonser
![Rocketfarm logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/29/4/354/948/024_e938c2d8-47bb-4d0c-ab34-bdd5babbee4d.jpg)
![Radionor Communications AS logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/1/vertical-0/19/9/336/749/019_8957980.jpg)
![Sogn Næring logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/12/3/356/926/703_cb1c1bb7-699b-477a-b6f5-d627e2e2caec.png)
![Circle K NOR Franchise logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1496715036/iad_7882747506243106331med_r_cklogo_hori_cmyk_pos.png)
![Jernia logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-0/07/0/352/038/530_aa8d3273-79ca-4cbf-be74-db11e36b2ec9.jpg)
![Adecco Karrieresenter logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/5/vertical-1/21/5/100/001/5_08cd61f9-717d-4964-9602-56827d4dbb6c.jpg)
![Sygnir logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/06/6/352/158/296_5a559a85-301a-42a5-b3c3-8cb655957657.jpg)
![Adecco logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/logo/result/1000015/iad_6427283749306234702adecco_logo_red.png)
![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/480w/2024/6/vertical-0/14/1/357/210/281_e39c3231-5a80-4e6e-9c55-cf77b98583da.jpg)