Er du lærar og har lyst på jobb i Suldal. Då treng me deg.
- Arbeidsgiver: www.suldal.kommune.no
- Stillingstittel: 200% fast stilling som lærar på Marvik skule
- Frist: 18.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Ledig fast stilling som lærar ved Marvik skule frå og med 01.08.2024
Om stillinga:
Me har ledig 200% fast stilling som lærar ved Marvik skule frå 01.08.24.
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø i Suldalsskulane, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Arbeidsoppgåver:
Marvik skule er ein fådelt barneskule med 24 elevar.
I stillinga inngår kontaktlæraransvar.
Kvalifikasjonar
- Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Suldalsskulane nyttar læringsbrett i undervisning og utviklingsarbeid.
- Du må trivast saman med elevar og føresette.
- Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
Personlege eigenskapar:
- Vera positiv og ha god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Vera ein tydeleg og varm klasseleiar
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta
- Ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
I Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øygarden 21, 4235 Hebnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
- FINN-kode 354082851
- Sist endret
Lignende annonser
Siste frist
Sand1 måned siden
Tannpleier - fast stilling ved Sand og Sauda tannklinikker
Sand4 uker siden
Enkel søknad
Trafikkleder
Sand3 uker siden
Tømrere
Sauda1 måned siden
Prosjektmedarbeider/Prosjektleder
Jelsa2 uker siden
Regnskapsfører
Sauda1 uke siden
Sjåførar til Ryfylke Nord (ulike stasjoneringar)
Suldalsosen1 måned siden
Prosjektstøtte - DK Haugesund
Etne2 uker siden
Høyspentmontør
Sauda2 uker siden
Pedagogisk leiar
Ølen3 dager siden
Enkel søknad
Vedlikeholdssjef
Sauda7 dager siden