Har du interesse og engasjement for frivilligheitsfeltet og kulturområdet?
- Arbeidsgiver: Alver kommune
- Stillingstittel: Prosjektmedarbeidar integrering og frivilligheit - 100% engasjement
- Frist: 9.6.2024
- Ansettelsesform: Engasjement
Om stillinga og avdelinga
Me har ledig ei mellombels prosjektstilling i Alver frivilligsentralar knytt til integreringsarbeidet i Alver Kommune. Stillinga skal samarbeide tett med NAV, frivilligheit i kommunen og andre kommunale tenester.
Du vil arbeide saman med ein annan i tilsvarande stilling, og saman har de ansvar for arbeid knytt til inkludering og integrering av flyktningar, i tett samarbeid med frivilligsentralane. Ein sentral del av arbeidet er drifta av Språkverkstaden i Knarvik. Språkverkstaden er eit tiltak i introduksjonsprogrammet for flyktningar og har aktivitet mån-fred frå kl 10-14. De vil ha ansvar for å følge opp frivillige, organisere aktivitetar og være tilstades. Stillingane administrerer også ei flyktningfadderordning og samarbeidar tett med lokale lag og organisasjonar for å hjelpe flyktningane ut i aktivitet.
Vi tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag, som gjev deg moglegheit til å arbeide sjølvstendig og i direkte kontakt med andre menneske. Du får vere med å utvikle nye tilbod og tilpasse desse til målgruppa, lokal frivilligheit og våre lokalsamfunn.
Oppstart er 1.august og gjeldt ut juni 2025, med moglegheit for forlenging.Stillinga er organisert i tenesteområde kultur, avdeling kulturutvikling, idrett og frivilligheit. Stillinga ligg under fagavdeling Alver Frivilligsentralar
Arbeidsoppgåver
- Administrere og drive prosjekttiltak for integrering av flyktningar, med særleg ansvar forkoordinering og utvikling av frivillig innsats
- Drift av språkverkstad/- senter i samarbeid med frivillige
- Drift og utvikling av flyktningfadderordningar for busette flyktningar, og inkluderande tiltak ilokalsamfunna
- Andre arbeidsoppgåver knytt til flyktningarbeid kan verte aktuell
Kompetanse
- Bachelor eller høgare utdanning innan frivilligheit- , kultur- eller sosialpedagogiske fag
- Kompetanse på flyktning- og integreringsarbeid
- Kompetanse på arbeid med frivilligheit
- Pedagogisk kompetanse
- God relasjonskompetanse
- Relevant erfaring kan kompensere
- Rettleiing og arbeid med menneske i vanskelege livssituasjonar
- Personleg eignetheit vert vektlagt for stillinga
- Førarkort kl. B
Personlege eienskapar
- Løysingsorintert og fleksibel
- Trivast med å møte nye menneske og likar ein hektisk arbeidskvardag
- Imøtekomande og open i møte med andre
- Trivast med ein variert arbeidskvardag og er handlekraftig når uforutsette utfordringar dukkar opp
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Høve til å utvikle og prøve ut nye ideer og prosjekt
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
Om arbeidsgiveren
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 26, 5914 Isdalstø
- Bransje: Offentlig administrasjon, Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Omsorg og sosialt arbeid, Prosjektledelse
Nøkkelord
inkludering, integrering, flyktninger, frivillighet, språkverkstad
- FINN-kode 353997895
- Sist endret