EXTRA SOGNDAL, Sjøkanten søkjer ny butikksjef
- Arbeidsgiver: Extra Sogndal
- Stillingstittel: Butikksjef
- Frist: 09.06.2024
- Ansettelsesform: Fast
Ynskjer du å leie den beste lågprisbutikken i Sogndal?
Extra Sogndal er ein ny og fin butikk med ei omsetning på rundt 106 millionar. Butikken har 28 medarbeidarar fordelt på ca. 16 årsverk og har hatt ei positiv utvikling sidan oppstarten i 2019. Til å leie denne butikken ynskjer vi ein engasjert og resultatorientert butikksjef.
Er du god i møte med folk og evner å motivere og engasjere dine tilsette? Ynskjer du i tillegg å være med å skape den beste butikken i Sogndal med dei mest nøgde kundane – da håper vi at DU søkjer.
Som butikksjef i EXTRA har du totalansvaret for drifta av butikken. Du byggjer ein vinnarkultur ilag med dine medarbeidarar. Du er aktiv på golvet, og trivs med å leie andre i ein kvardag med høgt tempo. Hjå deg og dine medarbeidarar får kundane den beste servicen og dei hyggelegaste handleopplevingane i sitt nærområde. Extra Sogndal er ei moderne butikk med eit bredt og inspirerande sortiment – ei god moglegheit for rette leiaren til å få til god drift vidare.
Ansvarsområder og arbeidsoppgåver du vil møte:
- Inspirere og utvikle teamet for å skape ein vinnarkultur og oppnå butikken sine målsetningar.
- Ansvarleg for den daglege drifta, personale, konseptetterleving, bemanningsplanlegging og sikre lønsamheit.
- Skape Sogndal sine beste kundeopplevingar.
- Nøkkelrolle i lokalsamfunnet
Dette trur vi du treng for å lykkes og trivest i jobben
- Gode leiareigenskapar med evna til å motivere og utvikle medarbeidarane. Gjerne erfaring i leiing innan detaljhandel, men dette er ikkje et krav.
- Evne til å jobbe strukturert og prioritere oppgåver effektivt og trivast med eit høgt arbeidstempo, innanfor dei rammene som er i Extra-konseptet.
- Gode kommunikasjonsferdigheitar.
- Evne til å ta initiativ og søke kontinuerleg forbetring.
Kva kan du forvente deg?
På Extra Sogndal vil du få ein variert kvardag der ingen dag er lik. Som butikksjef vil du bidra til å utvikle både personalet, deg sjølv og butikken sitt resultat. Her vil du få god opplæring og moglegheit for opplæring hjå ein anna butikk, tilgang til e-læringsverktøy og god støtte frå driftsleiar, både i ein oppstartsfase og kontinuerleg gjennom året. Du vil også ta del i eit stort kollegialt nettverk av andre butikksjefar og ha moglegheit for karriereutvikling innanfor Coop-systemet.
Coop er ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet
Coop er annleis enn våre konkurrentar fordi vi er eigd av våre medlemmar. VI-følelsen står sterkt og vi ønskjer å vere ein attraktiv og positiv samarbeidspartner og sponsor for lag og organisasjonar i heile sin region.
Ta gjerne kontakt for en hyggjeleg prat, om du vil vite litt meir om stillinga:
Spørsmål kan rettast til driftssjef Bjarte Espeland tlf. 954 20 566 eller e-post bjarte.espeland at coop.no.
Vi har valgt Fremogruppen som samarbeidspartner i denne rekrutteringsprosessen. Jorunn Løseth på tlf. 907 90 311.
Alle samtalar blir behandla konfidensielt, samtalar til Fremogruppen kan behandlast konfidensielt også ovanfor Coop om ønskeleg i innleiande fase.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: sjøkanten, 6856 Sogndal
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Butikksjef
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Butikksjef, Lederstilling, Coop, Extra, Sogndal
- FINN-kode 353979601
- Sist endret