![Vestland fylkeskommune logo](https://images.finncdn.no/dynamic/default/2024/5/vertical-0/22/1/353/975/351_c5a1cc3a-caea-4daf-9d93-64154dfe51b2.jpg)
Inaktiv
Lærlingar i IT-driftsfaget
- Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Lærlingar i IT-driftsfaget
- Frist: 09.06.2024
- Ansettelsesform: Lærling
Vestland fylkeskommune er ein av landet sine største lærebedrifter innan IT-driftsfaget (IT), og du vil som lærling dra nytte av eit breitt spekter av arbeidsoppgåver samt instruktørar med spisskompetanse innan sine fagfelt.
Alle lærlingar blir tilsett i administrasjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen der vi har behov for lærlingar. Læreplassane vil ved oppstart vere fordelt på ulike lokasjonar i heile Vestland.
Vi har behov for lærlingar på desse vidaregåande skulane:
- Eid vgs
- Firda vgs
- Måløy vgs
- Stryn vgs
Arbeidsoppgåver
Arbeid og opplæring innan alle kompetansemåla i læreplanen for faget, i tillegg til andre driftsoppgåver ved seksjon IKT.Kvalifikasjonar
- Gjennomgått og bestått VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Gjennomgått og bestått VG2 Informasjonsteknologi, lærefag i IT-driftsfaget
- IT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Utviklingsorientert
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Lønn etter tariffavtale
- Strukturert opplæring
- Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
- Fagprøve ved slutten av læretida
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: IT
- Stillingsfunksjon: IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærling, IKT
- FINN-kode 353975351
- Sist endret