Miljøarbeidar psykisk helse/rus
- Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
- Stillingstittel: Miljøarbeidar psykisk helse/rus
- Frist: 09.06.2024
- Ansettelsesform: Prosjekt
Fyresdal kommune jobbar no for å utvikle ei mei robuste teneste innan psykisk helsearbeid og rus. Dette for å vere betre i stand til å møte framtidas utfordringar. Med fokus på tverrfagleg samarbeid, forebyggande arbeid, brukarmedverknad og lågterskeltilbod. Vi lyser derfor ut 100 % prosjektstilling med hovudvekt på førebygging unge vaksen (18-24 år) og vaksne (25-66 år) frå snarast og ut året med moglegheit til forlenging.
På helsesenteret er helsetenestene samla og samarbeider tett til pasientens beste. Legekontoret er ein del av helsesenteret og ligg i sentrum av Fyresdal. Helsesenteret er godt utstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc og Profil.
Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, tre legar i Nordsjøturnus, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, sjukepleiar på helsestasjon, psykiatrisk sjukepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoterapeut og avdelingsleiar. Fyresdal tannklinikk held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunale samarbeid.
Arbeidsoppgåver
Etablering av lågterskeltilbod i samarbeid med målgruppene.
• Oppsøkande verksemd
• Forebyggande arbeid unge vaksne og vaksne
• Samhandling med andre sektorar og avdelingar
• Delta i miljøterapeutiske tiltak individuelt og i grupper
• Tverrfagleg samarbeid og pårørandearbeid
• Vere støtteperson for målgruppene i høve til aktivitet
• Den som blir tilsett skal vere vere med å forme og utvikle stillinga utifrå brukarbehova
Kvalifikasjonar
• I hovudsak søker vi ein person med brei erfaring innan fagfeltet og målgruppene. Fag- eller høgskuleutdanning.• Erfaring frå arbeid med ungdom er eit pluss.
Personlege eigenskapar
• Har brukar i fokus• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
• Handlekraft, likar utfordringar, er fleksibel og utviklingsorientert
• Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
• Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
• Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
• Løn etter avtale
• Barnehageplass frå dag ein i kommunen
Den som blir tilsett må disponere eigen bil.
Dette er i hovudsak ei dagtidsstilling med arbeidstid 37,5 t/veke. Ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid arbeid må påreknast.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Landstadvegen 35, 3870 Fyresdal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier / Psykiatri, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
- FINN-kode 353973814
- Sist endret