Undervisningsstilling ved Strøno barneskule
- Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kommune Strøno barneskule
- Stillingstittel: Undervisningsstilling ved Strøno barneskule
- Frist: 04.06.2024
- Ansettelsesform: Engasjement
Ved Strøno barneskule er det ledig vikariat i 57% undervisningsstilling frå 1.08.24 til 31.07.25.
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i kommunen er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Strøno barneskule er ein få-delt skule som ligg vakkert til på øya Strøno, i Bjørnafjorden kommune. Skulen har på det jamne 50 elevar frå 1. 7. trinn og vi er 10 tilsette. Aldersblanding og klassetrinn som går ilag gjer at alle kjenner alle, noko som skaper eit trygt og oversiktleg miljø. Målet for skulen vår er at den skal vere ein trygg stad for utvikling og vekst, der barn og vaksne har eit godt miljø med trivsel, tryggleik og læring. Vår visjon er «Elevar i aktivitet og læring!». For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår: https://www.stronobarneskule.no
Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på barnetrinnet, men i all hovudsak på 1. - 4. årssteg.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet med kompetanse for å undervise på barnetrinnet, GLU 1 7 eller allmennlærar. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; SPK.no - Statens pensjonskasse.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Strønevegen 455, 5218 Nordstrøno
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Lærer, Lærar, Lektor, Undervisning, Undervisningsstilling
- FINN-kode 353959012
- Sist endret