Bilmekanikar for tunge køyretøy og stedfortreder til teknisk leiar

Arbeidsgiver
TELEMARK STORBILSERVICE AS
Stillingstittel
Bilmekanikar tunge køyretøy
Frist
Snarest, søknader behandles fortløpende
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med - Skagerak Consulting AS

Bilmekanikar for tunge køyretøy og stedfortreder til teknisk leiar, Telemark Storbilservice AS, Seljord

Telemark Storbilservice er ein leiande aktør innan service, vedlikehald og reparasjon av tunge køyretøy i Telemark-regionen. Som ein stolt Volmax-partner er me eit dedikert team av fagfolk som set kvalitet og kundetilfredsheit først.
Me søkjer no ein lojal og triveleg medarbeidar med fagbrev til 100% fast stilling som mekanikar, tunge køyretøy. 
 

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Utføre service, vedlikehald og reparasjon av tunge køyretøy
  • Utføre periodisk køyretøykontroll (PKK)
  • Ettermontering av utstyr
  • Diagnostisere feil og utføre naudsynte reparasjonar
  • Inngå i vaktordning på servicebil
  • Bidra til å sikre at verkstaden opprettheld høg kvalitet og effektivitet
  • Vere ein støtte for teknisk leiar og avløyse han ved behov  
 

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Fagbrev som bilmekanikar for tunge køyretøy, med minimum 4 års relevant praksis frå godkjend bilverkstad etter fagbrev
  • Erfaring med service og reparasjon av tunge køyretøy
  • Sertifikat kl. C, CE eller D, eller vere villig til å ta det
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Generell god dataforståing
  • Gode leiareigenskapar og evne til å vere stedfortreder for teknisk leiar

Om deg:

  • Me søkjer deg som er sjølvstendig og ansvarsbevisst, har gode samarbeidsevner, er serviceinnstilt og evnar å arbeide strukturert og effektivt, også under press.
 

Me tilbyr:

  • Ein spennande og utfordrande stilling i eit triveleg arbeidsmiljø i eit selskap i vekst
  • Topp moderne lokale i Seljord med dei beste fasilitetar for å kunne gje kundane god service
  • Store utviklingsmoglegheiter både personleg og fagleg 
  • Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar, blant anna helseforsikring


For meir informasjon om stillinga, kan du kontakte ein av våre rådgjevarar i Skagerak Consulting: Geir Nordvold telefonnummer 938 28 100 eller Cathrine Svendsen, telefonnummer 926 06610.

For å unngå svindelforsøk, vil vi presisere at vi aldri ber om BankID-informasjon i søknadsprosessen.

Skagerak Consulting AS er ein unik, tverrfagleg rådgjevingsmiljø. Vi jobbar med å utvikle menneske og organisasjonar for å skape varige forbetringar og verdiar i offentlege og private verksemder. Vårt arbeid er basert på ein kombinasjon av dokumentert metodikk, praktisk erfaring og sunn fornuft.
Les meir om Skagerak Consulting AS her: www.skc.no

Om arbeidsgiveren

Telemark Storbilservice AS har etablert eige verkstad i Seljord og ynskjer å bygge seg opp som ein solid aktør i regionen. Me er ein del av Telemark Bilruter konsernet, som har røter heilt attende til 1909 då det vart starta eit bilrutetiltak i Fyresdal. Verkstaden driv primært med reparasjon av tunge køyretøy, men me tek gjerne imot andre køyretøy til reparasjonar. Me utfører reparasjonar, periodisk køyretøykontroll (PKK) og 2-års kontroll av fartsskrivar. I tillegg tek me på oss reparasjon/service, taksering av skader, dekk omlegging, pressing av hydraulikkslangar, montering av utstyr og sal av delar og utstyr.
Me er stolte av å nylig ha blitt ein Volmax-partner, noko som gjer oss til ein del av eit sterkt nettverk av verkstader som leverer høgkvalitets service og vedlikehald.

Sektor
Privat
Sted
Industrivegen 1, 3840 Seljord
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Transport og logistikk,
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Teknisk service,
Teknisk personell

Nøkkelord

PKK, Lastebilmekaniker, Tungbilmekaniker, Serviceledelse, Serviceleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Cathrine Svendsen
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
92 60 66 10
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Geir Nordvold
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
93 82 81 00
Følg firma
2889 følger dette firmaet

Industrivegen 1, 3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 353880988
Sist endret 23. mai 2024 09:00

Rapporter annonse