Prosjektleiar
- Arbeidsgiver: Helse Vest IKT
- Stillingstittel: Prosjektleiar
- Frist: 4.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Om stillingaSeksjonen Legemiddel og Kurve forvaltar og vidareutviklar Meona, løysinga som nyttast for å dokumentere legemidlar og andre vitale data om pasienten. Seksjonen har ansvar for klinisk konfigurasjon, datafangst, opplæring og innføring i samarbeid med helseføretaka. Løysinga har omlag 16 000 brukarar i Helse Vest, og talet vil auke i takt med innføring av ny funksjonalitet.
Som prosjektleiar vil du arbeida tett med både leverandør og føretak for å utvikle løysinga til å støtta opp under effektive og pasientsikre prosessar i sjukehusa på Vestlandet Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og alle i seksjonen bidreg på tvers for å løyse den samla oppgåvemengda til seksjonen. Denne stillinga inneber i tillegg ansvar for bidrag innan utvikling og gjennomføring av opplæring for helseforataka.
Dei aller fleste i seksjonen er helsepersonell med lang fartstid frå spesialisthelsetenesta, med god erfaring frå prosjektarbeid og implementering av kliniske IKT-løysingar.
Arbeidsstad vil vere Stavanger, Haugesund, Bergen eller Førde. Det må påreknast noko reiseverksemd innan Vestlandet.
Arbeidsoppgåver
- Leie og delta i prosjektarbeid/prosessteam
- Bidra i utvikling av opplæringsmateriell og brukarrettleingar innan området elektronisk pasientjournal
- Bidra til opplæring av brukarar for å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i sjukehusa
- Utvikle, revidere og kvalitetssikre felles rutinar og prosedyrar innan området elektronisk pasientjournal
- Bidra i testing av både nye og etablerte løysingar
- Sakshandsaming og utvikling av god dokumentasjon
- Bidra til løysing av dei samla oppgåvene til seksjonen
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning innan helsefag, gjerne med fordjuping innan IKT
- Prosjektleiarerfaring og gjerne prosjektleiarkurs / formell kompetanse
- Erfaring med bruk og innføring av journalsystem eller andre kliniske løysingar
- Erfaring og interesse for å undervise og/eller rettleie andre i bruk av IKT-løysingar
- Kjennskap til elektronisk kurve og helsesektoren
- Erfaring med forvaltning av IKT-system og elles god systemforståing tel positivt
- Arbeidsspråket er norsk, men du må også meistra engelsk
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Evne til å arbeida sjølvstendig og ta ansvar.
- Evne til å leie andre, stille krav og oppretthalde framdrift i arbeidet
- Evne til å jobba i tverrfaglege team.
- Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet.
- Vilje og evne til omstilling og endring.
- Ønske om å utvikla ei løysing til brukarane sitt beste.
Vi tilbyr
Høyrast det givande ut å jobba ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobba i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.
• Du får høve til å skapa gode resultat både åleine og i samarbeid med andre.
• Du får høve til å forma IKT–løysingar for eit helsevesen i framtida.
• Deltaking i spennande prosjekt lokalt, regionalt og nasjonalt.
• Løn etter avtale.
• Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi elskar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylla den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønskjer seg ein hybrid kvardag, med moglegheit for å variera mellom å jobba heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: NAUSTDALSVEGEN 5, 6800 Førde, Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleder
- FINN-kode 353874924
- Sist endret