Ønskjer du å bli vår nye teknikar/bilmekanikar?

Arbeidsgiver
Frydenbø Bil avd, Måløy
Stillingstittel
Mekanikar / teknikar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Frydenbø Bil si avdeling i Måløy treng fleire medarbeidarar. Vi ønskjer å styrke laget vårt med ein eller fleire mekanikarar/teknikarar for å kunne handtere ei stadig aukande arbeidsmengde.

Frydenbø Bil i Måløy er eit sertifisert Volkswagen-anlegg, i tillegg til at vi er merkeverkstad for Skoda – med andre ord produkt i verdsklasse.

Vi tilbyr eit hyggeleg arbeidsmiljø med moderne utstyr, og du får du jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, og som tilsett hos Frydenbø Bil får du høve til å utvikle deg vidare på den reisa gjennom Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan faget.

Arbeidsoppgåver:

  • Service og vedlikehald
  • Diagnose og feilsøking
  • Reparasjonar og mekanisk arbeid
  • PKK
  • Montering av ekstrautstyr

Vi ser etter ein person som:

  • Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
  • Likar at det skjer mykje, og evnar å jobba med fleire oppgåver samstundes
  • Har fokus på at kundane skal få den beste kundeopplevinga
  • Har god kunnskap om bil
  • Er omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Erfaring med digitale arbeidsverktøy
  • Evnar å stå på, har gode haldningar og viser høg grad av fleksibilitet

Fordelar ved å jobbe hos oss:

  • Få arbeide med nokre av verdas mest kjende merkevarer
  • Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høve til personleg og profesjonell utvikling i eit fleirfagleg miljø
  • Delta i veksten og utviklinga av eit selskap som verdset innovasjon
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
  • Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
  • Støtte til trening
  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth og Mallorca

I Frydenbø Bil Måløy får du ikkje berre gleda av å jobbe i ei triveleg bedrift, men du kan òg oppdage området sin praktfulle, ville og vakre natur som er like spektakulær om vestavinden bles bølgjene langt innover land eller om havet ligg blikkstille. Nordfjord er eit paradis for surfarar, friluftsfolk og eventyrlystne sjeler. Det er aldri langt til ei unik oppleving i Måløy og Kinn kommune. Velkommen til Frydenbø Bil og Måløy!

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Arne Færestrand på telefon 99 20 50 67 – arne.faerestrand@moller.no

Søknadsfrist: 09.06.24.

Søknader blir fortløpande behandla.

Om arbeidsgiveren

Frydenbø Group er et familieeid konsern med hovedkontor på Damsgård i Bergen. Konsernet er en betydelig aktør innen forretningsområdene; Bil, Industri, Eiendom og Marine. I 2019 ble NXT etablert som den femte enheten. Frydenbø Group har totalt rundt 900 medarbeidere og omsatte i 2022 for over 4 mrd. kr. Frydenbø Groups kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse". Felles strategiske fokusområder: Team, Kundereise og Bærekraft.  



Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, BYD, Maxus, Audi, Skoda og Volkswagen. Vi driver Polestar Space og Lotus butikk i Bergen. I tillegg er vi deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,2 mrd. i 2022.


I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge&Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.




Sektor
Privat
Sted
Nordfjordvegen 9259, 6718 Deknepollen
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Bil- og bildelproduksjon,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Mekanikk og installasjon,
Teknisk personell

Nøkkelord

mekanikar, teknikar, Volkswagen, bilverkstad, Skoda

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Arne Færestrand
Stillingstittel
Servicemarkedsjef
Mobil
99 20 50 67
Følg firma
18 følger dette firmaet

Nordfjordvegen 9259, 6718 Deknepollen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353866837
Sist endret 29. mai 2024 12:14

Rapporter annonse