Vil du være med å utvikla ein av dei mest framoverlente kommunane i landet: Øygarden kommune søkjer Kultursjef
- Arbeidsgiver: Øygarden kommune Kultur
- Stillingstittel: Kultur og innbyggjardialog
- Frist: 6.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Ønskjer du å bli ein del av eit team der framtida i den nest største kommunen i Vestland blir skapt?
Som leiar for eininga kultur og innbyggjardialog i Øygarden vil du få ein spennande kvardag, med det overordna ansvaret for avdelingane kultur, idrett og frivilligheit, kulturskulen, ung kultur og innbyggjartorg og bibliotek. Du vert ein del av leiargruppa til kommunalsjefen for Samfunnsutvikling, og blir dermed ein del av det strategiske leiarskapet på områda plan og analyse, arealforvaltning og eigedom.
Våre verdiar:
Stolt - På lag - Modig - Med glød
Vi ønskjer
ein leiar for kultur og innbyggjardialog som frontar kommunen på ein entusiastisk og tillitsskapande måte, som brenn for utvikling av kulturfeltet, og er god på relasjonsbygging. Du jobbar systematisk og sjølvstendig, og trivst med mange ballar i lufta i ein hektisk kvardag.
Du jobbar for ei auka satsing på samskaping, medborgarskap, lokal samfunnsutvikling og evnar å setta kulturfeltet i samanheng med utviklinga av andre samfunns- og kommunalsjefområde. Du er sentral i dialogen med eksterne aktørar og i det interne arbeidet med å utvikla morgondagens løysingar innanfor kulturfeltet. Du samhandlar breitt med mange aktørar, einingar og avdelingar.
Arbeidsoppgåver:
- Overordna styring og leiing for området
- Strategisk utvikling og forvaltning av fagfeltet
- Saksansvar for politiske saker
- Ansvar for å arbeida strategisk med gjennomføring av planar. Leiar for avdelinga kultur, idrett og frivilligheit
- Gje leiarstøtte og oppfølging til avdelingsleiarar
- Samordning på tvers i organisasjonen
- Organisasjonsbygging
- Sikra arenaer og rutinar for god informasjon og kommunikasjon
Kvalifikasjonskrav:
- Utdanning på bachelor- eller masternivå, lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Leiarerfaring
- God økonomi- og budsjettforståing
- Erfaring og gode resultat frå personalleiing og budsjettstyring
- Brei erfaring frå kulturfeltet
- Kjennskap til kommunale/offentlege prosessar
- Erfaring frå innovasjonsarbeid
- God relasjonsbyggjar
- Skaper resultat gjennom involvering og medverknad
- Har evne til å skapa tydelege forventningar, gi støtte, utvikla og inspirera leiarar og medarbeidarar
- God på å kommunisera, både skriftleg og munnleg
- Du er ein utviklingsorientert og nysgjerrig person med evne til å tenkja heilskapleg
- Løysingsorientert og evne til å sjå nye tilnærmingsmåtar
- Fleksibel, initiativrik og sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Ei svært sentral rolle i utviklinga av øygardssamfunnet
- Ein variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstyre
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Kontakt: Kommunalsjef Silje Haukedal, telefon 936 25 320
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Ledelse
Nøkkelord
kultursjef, kultur, sjef, leiar, ledert
- FINN-kode 353866336
- Sist endret