Undervisningsstilling Realfag

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling Realfag
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Undervisningsstilling realfag - 100% stilling

Arbeidsoppgåver

Undervisningsstilling

Kvalifikasjonar

Undervisningskompetanse realfag, minimum 60 stp i faga matematikk og fysikk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein kollega med rett undervisningskompetanse som ønskjer å bli ein del av kollegiet ved Høyanger vidaregånde skule. Vi er kjent for eit godt arbeidsmiljø og er svært opptekne av gode relasjonar mellom lærar og elev.

Vi søkjer etter faglærarar i Fysikk 1, Matematikk R1 og Matematikk R2.
Du må ha gode samarbeidsevner, og vere villig til å dele kunnskap. Vi jobbar tett med andre skular, og det kan bli aktuelt å undervise digitalt. Vi samarbeider med lokalt næringsliv, og har hatt fleire felles realfagsprosjekt med bedrifter. Vi er difor ute etter deg som er løysingsorientert og som er oppteken av å skape resultat saman med andre.Du må ha digitale ferdigheiter og vere opptatt av god kommunikasjon både skriftleg og munnleg.

Meir informasjon om skulen finn du på skulen si heimeside https://www.hoyanger.vgs.no

Vi tilbyr

Lønn etter gjeldande regulativ
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka av gjeldande reglar
God pensjons- og forsikringsvilkår

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova

Det er vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månedea.


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Det blir teke atterhald om at overtallige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.


Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne eller seksuell legning. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Sted
6993 Høyanger
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Vidaregåande skule, Realfag, Fysikk og matematikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Sagerøy Råsberg
Stillingstittel
ass. rektor
Telefon
41 53 07 60
Følg firma
1092 følger dette firmaet

6993 Høyanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 353865543
Sist endret 21. mai 2024 15:30

Rapporter annonse