Inaktiv

Operatør Vedlikehald

Arbeidsgiver
Ulstein Verft AS
Stillingstittel
Operatør Vedlikehald
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Vil du jobbe i skipsindustrien?
I Ulstein Verft gler vi oss over ein langsiktig horisont med mykje aktivitet, både på nybygg og på ettermarknadsoppdrag.
Vi treng difor fleire i teamet vårt; Stillinga i Vedlikehaldsavdelinga vil gi deg interessante oppgåver, du får jobbe sjølvstendig og i team, du vil få utfordringar og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogeleg.

Korleis vil det vere å jobbe på Ulstein Verft?
Det å jobbe på eit verft er variert, sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer.Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap som vert knytt til kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.

Arbeidsoppgåver

Vi søker etter ein fagleg sterk medarbeidar til vår vedlikehaldsavdeling. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og kan blant anna innebere vedlikehald, reparasjon av maskiner, kraner, trucker, lifter og sveiseutstyr.

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Relevant fagbrev som t.d. mekanikar eller platearbeidar er ønskja, og det er ein fordel å ha truckførarbevis T4 samt liftførarbevis.

Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing, og det er derfor nyttig med erfaring frå vedlikehaldsarbeid og/eller reparasjonsarbeid og gjerne også maritim verksemd Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk for å kunne diskutere og løyse arbeidsoppgåvene.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på varierte oppgåver, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.


I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av hav er det gode moglegheiter for båtliv, padling, surfing og fisking. Til fjells har vi gode turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller med ski. Og Ålesund er heller ikkje langt unna.

Om arbeidsgiveren


ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.


Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.



Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Bransje
Industri og produksjon,
Verksindustri,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Produksjon
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Skipsindustri, Verftsindustri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vidar Longva
Stillingstittel
Arbeidsleiar
Telefon
97 01 44 21
Kontaktperson
Ann Kristin Hatløy Fiskaa
Stillingstittel
HR Advisor
Telefon
95 02 24 68
Følg firma
78 følger dette firmaet

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik

Annonseinformasjon

FINN-kode 353865010
Sist endret 31. mai 2024 00:00

Rapporter annonse