Pedagog/spesialpedagog/spesialist i klinisk pedagogikk

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Pedagog/spesialpedagog/spesialist i klinisk pedagogikk
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Avdeling for Psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.

Sogndal BUP har ledig fast stilling for pedagog/spesialpedagog/ spesialist i kliniskpedagogikk frå 01.09.2024.

Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn Psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr poliklinisk spesialisthelsetjeneste til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.

Den som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar
  • Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar
  • Delta i fag- og kompetanseutvikling
  • Det må påreknast noko reiseverksemd

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som grunnskulelærar eller barnehagelærar
  • Spesialist i klinisk pedagogikk eller hovedfag / mastergrad i pedagogikk eller spesialpedagogikk
  • Dersom den som vert tilsett ikkje har klinisk vidareutdanning, må vedkomande vere villig til å gjennomføre denne utdanninga snarast mogeleg
  • Erfaring frå skule, barnehage eller PPT
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Gode samarbeidsevner
  • Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid
  • Skape tryggleik hjå pasientar og deira føresatte

Ved vurdering av søkarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Triveleg arbeidsmiljø

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 


Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Dalavegen 29, 6856 Sogndal
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor,
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

BUP, Pedagog, Klinisk pedagog, Spesialpedagog, Psykisk helsevern

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eili Nygard Riise
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
57 62 75 00
Følg firma
68 følger dette firmaet

Dalavegen 29, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 353861730
Sist endret 21. mai 2024 14:59

Rapporter annonse