Psykolog/psykologspesialist 100% vikariat

Arbeidsgiver
Øygarden kommune Barn, Unge og Familietenester (BUFT)
Stillingstittel
BUFT
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om stillinga:

Vi har ledig vikariat som kommunepsykolog for barn og unge frå 1. august 2024 til i fyrste omgang 31.juli 2025. Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med dei andre psykologane for barn og unge. Oppmøtestad er Straume kommunesenter, ca 15 minutt køyring frå Bergen sentrum.

Kommunepsykologane er ei eiga avdeling under eininga Barn, unge og familietenester (BUFT). Eininga er samansett av 4 helsestasjonar, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, helsestasjon for flyktningar, kommunepsykologar for barn og unge og eit familie og rettleiingssenter som har fokus på førebyggjande arbeid rundt familiar og vaksne som arbeidar med barn og unge.

I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgrupper som helsesjukepleiarar, jordmødrer, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, miljøarbeidarar, pedagogar og psykologar .

Her kan du arbeide lågterskel. Vi søkjer etter deg som er ein positiv lagspelar i et tverrfagleg miljø, og som er trygg i rolla di.

Arbeidsoppgåver:

  • Kurs og gruppetilbod for barn, unge og foreldre
  • Lågterskel behandlingstilbod
  • Rettleiing til foreldre i samarbeid med helsestasjonen
  • Rettleiing av andre faggrupper
  • Arbeid med sårbare familiar
  • Delta i ulike konsultasjonsteam
  • Delta i tenesteutvikling og planarbeid

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Norsk autorisasjon som psykolog, psykologspesialist
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Erfaring frå arbeid med grupper/kurs
Personlege eigenskapar:
  • Interesse og engasjement for barn og unge feltet.
  • God på relasjonar og må ha gode kommunikasjonsevner.
  • Positiv til utvikling av avdelinga/eininga.
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

For nærare opplysningar om stillinga. Ta kontakt med:

Berit Algrøy, einingsleiar, telefon: 95208001

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Barn, unge og familietenester består av 4 helsestasjonar, skulehelsetenste på skulane i kommunen, helsestasjon for ungdom, helsestajon for flyktningar, kommunepskologar for barn og unge og ei ny avdeling som skal ha fokus på førebyggjande arbeid rundt familiar og vaksne som arbeidar med barn og unge.
I avdelingane arbeidar det ulike yrkesgruppar som helsesjukepleiarar, jordmødre, helsesekretærar, familierettleiarar, ungdomslos, miljøarbeidarar. pedagogar og psykologar.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 2, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Psykolog, psykologspesialist, spesialist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Berit Algrøy
Telefon
95 20 80 01
Følg firma
327 følger dette firmaet

Blombakkane 2, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 353851827
Sist endret 23. mai 2024 12:17

Rapporter annonse