Rådgjevar
- Arbeidsgiver: Voss DPS NKS Bjørkeli
- Stillingstittel: Rådgiver
- Frist: 7.6.2024
- Ansettelsesform: Fast
Vi har ledig 100% fast stilling som rådgjevar ved Voss DPS N.K.S. Bjørkeli AS.
Hjå Voss DPS N.K.S. Bjørkeli AS er det ca. 80 årsverk og vårt opptaksområde er Voss herad, Ulvik kommune, Kvam herad, Vaksdal kommune og Eidfjord kommune. Vårt arbeidsområde er utgreiing og behandling av personar over 18 år med psykiske lidingar.
Som rådgjevar hjå oss har du ei sentral rolle i drift og utvikling. Du vil ha eit tett samarbeid med administrasjonen, avdelingsleiarar og leiargruppa i DPS'et, og for å bistå, leia og tilrettelegge endring- forbetring- og utviklingsprosessar.
Stillinga er i administrasjonen og er underlagt direktør.
Som DPS har vi samarbeidsaktørar i sjukehus, og med kommunar spesielt, men også NAV, universitet, høgskular, fastlegar og avtalespesialistar for å nemne nokon.
Det er stor variasjon og strekk i arbeidsoppgåvene, frå "gjera oppgåver" som registreringar og bestillingar til det å jobbe strategisk og delta i utviklingsprosessar og kvalitetsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i utviklingsarbeid, prosjektarbeid, kvalitetsforbetring og endringsarbeid.
- Prosess- og leiarstøtte.
- Bistand til leiarar i enkeltsaker.
- Bistå i utvikling, evaluering og endring av prosedyrar og retningslinjer.
- Tett samarbeid med leiarane i forhold til verksemdsstyring og analyser.
- Saksbehandlingsoppgåver.
- Bindeledd og kontaktperson mot øvrige samarbeidspartnarar.
Kvalifikasjoner
- Utdanning på universitets- eller høgskulenivå innan helse- og omsorg, og /eller relevant erfaring.
- Erfaring med endringsprosessar, forbetringsarbeid og implementering av organisatoriske endringar. Du har kunnskap om relevante teoriar, metodar og verktøy innan disse områda.
- Gode datakunnskapar. Fordel med kjennskap til våre system som t.d. GAT og DIPS.
- Gjerne erfaring frå arbeid og implementering av forbetringar i komplekse organisasjonar.
- Kompetanse innan forbetringsmetodikk og implementerings kunnskap er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet
- Tilpassingsdyktig og fleksibel
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Trygg og sjølvstendig, og trivest også godt med å arbeide på eigenhand.
- Initiativrik og tar gjerne sentrale roller i teamarbeid.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevner på norsk.
- God evne til å planlegge, koordinere og prioritere eigne arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
- Spennande, samansette og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.
- Lønn etter kvalifikasjonar og erfaring.
- Gode pensjons-,låne- og forsikringsvilkår via KLP.
- Voss DPS N.K.S. Bjørkeli AS har inkluderande arbeidsliv (IS), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Om arbeidsgiveren
Voss DPS består av ei døgnavdeling og ei poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Vi har ca 80 ansatte. Vi er tverrfagleg samansett med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Vi har tett samarbeid med Helse Bergen. Vi har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.
Voss DPS ligg ein snøgg time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Vi har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboar.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Bjørkelivegen 27, 5705 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
(1/4)
- FINN-kode 353848469
- Sist endret