Inaktiv

Vil du være med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Stillingstittel
Miljøterapeut ved Nore Neset barneskule
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi søkjer etter 89% fast stilling som miljøterapeut
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.

Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er Trygge og gode skulemiljø og lesing som grunnleggjande ferdigheit på alle trinn LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).

Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.

Skuleåret 2024-25 vil skulen ha om lag 309 elevar. Saman om læring summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no

Arbeidsoppgåver
Som miljøterapeut på Nore Neset barneskule skal du følgje opp enkeltelevar og elevgrupper med ulike utfordringar. Du skal samarbeide tett med lærarar og fagarbeidarar og bidra til å skape ein vi -kultur rundt arbeidet mot elevane og dei føresette. Denne stillinga er tenkt både i skule og SFO.

Kvalifikasjonar
Godkjent utdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil seie at du må kunne vise til "godkjenning av utenlandsk høyere utdanning"

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Som miljøterapeut på Nore Neset barneskule må du like å skape gode relasjonar til elevane. Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar som har ulike utfordringar. Vi søkjer deg som er leiken og robust. Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.

I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Nore Neset barneskule, og alle barna skal høyre til i fellesskapet.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Søkarane vil bli vurderte i høve til kvalifikasjon, personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor
Offentlig
Sted
Skeismyra 2, 5217 Hagavik
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Miljøterapaut, Vernepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann Irene Brunvoll
Telefon
93 82 12 16
Følg firma
491 følger dette firmaet

Skeismyra 2, 5217 Hagavik

Annonseinformasjon

FINN-kode 353824068
Sist endret 3. jun. 2024 00:00

Rapporter annonse