Sivilingeniør Nettutvikling

Arbeidsgiver
Linja AS
Stillingstittel
Sivilingeniør
Frist
11.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere med å finne løysingar for framtida? Vi søker no etter vår nye sivilingeniør Nettutvikling i Ålesund, Dragsund, Florø, Sandane, Nordfjordeid eller Stryn.


Linja byggjer og driv eit straumnett som dekker store delar av Nordvestlandet, og forsyner 100 000 kundar med straum.

Omstillinga til eit meir elektrifisert samfunn går fort. Linja styrkar no laget som arbeider med dei store og langsiktige planane for straumnettet. Vi har eit sterkt fagmiljø for nettutvikling, og får stadig nye og større oppgåver etter kvart som Linja veks fram som eit av dei største nettselskapa i landet.

Vi er over 300 tilsette i selskapet, og har mange ulike kontorplassar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi ser det som ei styrke at vi er desentraliserte, og vi samarbeider svært godt digitalt.

Vi søkjer deg som vil vere med å finne løysingar for framtidas samfunn.

Arbeidsoppgåver:

  • Teknisk analyse av nettløysing for nye, større kundar
  • Utarbeiding av lokale og regionale nettutviklingsplanar
  • Bidra til større områdestudier og konseptval for nettløysingar
  • Samarbeid med tilgrensande nettselskap og Statnett i nettutviklingssaker
  • Veiledning og dialog med kundar i tidleg fase

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan elkraftteknikk eller tilsvarande fagområde
  • God forståing av det norske kraftsystemet og straumnettet
  • Erfaring med tekniske analyser og utredningsarbeid i straumnettet
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Vi tilbyr:

  • Sterkt fagleg fellesskap
  • Varierte og utviklande oppgåver
  • Konkurransedyktig løn og vilkår
  • Fleksible ordningar for arbeidstid og høve for heimekontor

Kanskje har du tilhøyrsel til vår region, men bur i dag ein annan stad i landet? Kanskje vil du heim igjen “på sikt”? Eller er du nysgjerrig på eit liv på der vegen er kort frå kontor til fjord og fjell? Vi kan finne gode løysingar for den rette kandidaten.

Visjon:

Vi gir kraft til vekst og utvikling.

Verdiar:

Verdiane våre skal vere noko vi rettar oss etter kvar einaste dag.

Trygg – Vi skaper tryggleik gjennom samhald og samhandling – på tvers av fag og geografi

Påliteleg – Vi er avhengig av tillit frå samfunnet – og den skal vi gjere oss fortent til

Handlekraftig – Vi er løysingsorienterte og evner å ta raske avgjersler på ein god og berekraftig måte

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Høgvollvegen 15, 6018 Ålesund
Flere arbeidssteder
  • 6080 Gurskøy
  • 6906 Florø
  • 6783 Stryn
  • 6823 Sandane
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Sivilingeniør, Energi og miljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Atle Isaksen
Stillingstittel
Divisjonssjef
Telefon
95 25 64 57
Følg firma
46 følger dette firmaet

Høgvollvegen 15, 6018 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 353820800
Sist endret 27. mai 2024 12:43

Rapporter annonse