Det Norske Teatret søkjer teatersjefens assistent

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
Teatersjefens assistent
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Har du eit hjarte for teater og eit hovud for detaljar? Då kan denne stillinga som teatersjefens assistent vere noko for deg. Det Norske Teatret er inne i ein spanande periode der Kjersti Horn tiltrer som ny teatersjef 1. januar 2025. No søkjer teateret etter ein ny medarbeidar som er god på å sjonglere oppgåver av både kulturfagleg og praktisk karakter i ein hektisk arbeidskvardag.

Du vil ha ei koordinerande rolle for dei fleste av teatersjefens gjeremål, og ivareta ei god handsaming av alle førespurnadene. Ein del av oppgåvene vil vere av administrativ karakter for å avlaste teatersjefen, men også nokre spesifikke oppgåver som er retta mot produksjonane våre, bl.a. reisebestilling for tilreisande kunstnarlege lag. Det er derfor viktig at du er nøyaktig og jobbar systematisk og strukturert.

Vel så viktig er det at du er ein varm og empatisk person som evner å følgje opp nettverket og kollegiet rundt teatersjefen og då særleg skodespelarane våre. I eit stort spenn av oppgåver bør du trivast med variasjon og endringar og at arbeidsdagen ikkje blir heilt slik den var tenkt.

Stillinga rapporterer til teatersjef og vil til ei viss grad formast ut ifrå kven får stillinga.

Vi søkjer deg med følgjande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Relevant høgare utdanning på minst bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande utdanning.
  • Initiativrik, nøyaktig og strukturert og med ei god forståing for avgjerdslinjer i organisasjonen
  • Gode samarbeidsevner og ein god relasjonsbyggar
  • Service- og løysingsorientert
  • Solid administrativ erfaring, med gode datakunnskaper og kjennskap til bruk av digitale verktøy
  • Skrivefør og med gode formuleringsevner på norsk og på engelsk. Det skriftlege arbeidsspråket er nynorsk.
  • Erfaring frå eller god kjennskap til teaterbransjen er ein fordel
  • Erfaring med å leie prosjekt vil vere ein fordel

Vi tilbyr:

  • Ei nøkkelrolle i teateret og scenekunst i rikt monn
  • Eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med varierte oppgåver
  • Gunstig ferieordning (fem veker ferie, to veker fri med lønn)
  • Lønn etter tariff
  • Gode kollektive pensjons- og gruppelivsforsikringar

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Ønska oppstart er oktober 2024

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater og nynorskens nasjonalteater i hovudstaden. Om lag 200 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2023 var nær 700 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå. Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Teateret spelar i dag på tre faste scenar i sitt eige, moderne teaterhus midt i Oslo sentrum og på Rommen scene i Groruddalen.

Sektor
Privat
Sted
Kristian Ivs gate 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Personlig assistent

Nøkkelord

assistent, administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torill Ringstad
Stillingstittel
HR-rådgivar
Mobil
97 00 55 45
Følg firma
596 følger dette firmaet

Kristian Ivs gate 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 353464234
Sist endret 18. mai 2024 18:19

Rapporter annonse