Rådgjevar/prosjektøkonom (100 % fast)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar/prosjektøkonom (100 % fast)
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen

Rådgjevar/prosjektøkonom (100 % fast)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Rådgjevar

Er du vår nye rådgjevar som prosjektøkonom? Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar eller seniorkonsulent. Tilsetjing vert med oppstart så snart det let seg gjere.

IGS er eit stort institutt ved UiB, særleg med høve på porteføljen av eksterne prosjekt. Instituttet har over 200 tilsette og ein administrasjon på om lag 24 personar, der økonomiseksjonen har 5 tilsette. Hos oss får du jobbe med spennande økonomiske utfordringar og prosjekt både nasjonalt og globalt innan samfunnsmedisin og global helse. Administrasjonen si oppgåve er å gje god administrativ støtte og oppfølging til den faglege verksemda, kor eksterne forskingsprosjekt er særs viktige. Vi forvaltar eit budsjett på over 260 millionar kroner, kor om lag 175 millionar kroner gjeld forskingsprosjekta våre.

Den nye rådgjevaren vil få ansvar for si eiga prosjektportefølje, og får vere med på å utvikle og byggje instituttet vidare. IGS husar fleire store senter, og aktiviteten er aukande. Mange av prosjekta er store, og ofte retta mot låginntektsland i Afrika og Asia. Dette stiller krav til gode kunnskapar og kommunikasjonsevner når det gjeld rapportering, overføring av midlar og generell kommunikasjon med partnarar. Prosjektøkonomane deltek og i prosjektmøter, både i Noreg og i visse høve i utlandet. Arbeid for andre einingar ved UiB må også påreknast.

Vi har eit godt arbeidsmiljø og treng deg for å oppfylle instituttet sin visjon: Betre helse, betre samfunn.


Arbeidsoppgåver:

  • Økonomistyring av ekstern- og internfinansierte prosjekter med ansvar for budsjettering, avviksanalysar, økonomirapportering og oppfølging av avvik
  • Støtte og oppfølging knytt til prosjekta i ulike fasar: søknads-, kontrakts-, drifts- og avslutningsfase
  • Støtte og bistand i økonomispørsmål til vitskapleg tilsette
  • Dialog med samarbeidspartar kring økonomiske spørsmål
  • Delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningsliner og system
  • Bestillingar og fakturaehandling for prosjekta, samt overføring av midlar til partnarar
  • Sakshandsamingsppgåver, utgreiings- og utiklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
  • Kvalitetsutvikling innan økonomirådet
  • Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med økonomirelatert innhald. Lang relevant praksis kombinsert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå økonomiarbeid er eit krav
  • Erfaring frå prosjektøkonomi og rådgjeving, spesielt frå universitets-, høgskule- eller instituttsektoren, er eit føremon
  • Erfaring frå rapportering til ulike finansieringskilder, spesielt Noregs Forskingsråd, HK-dir/Norad og EU
  • God forståing og erfaring frå alle prosesar i økonomiarbeid, særleg prosjektøkonomi, er eit føremon
  • Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk
  • God rekneskap- og tallforståing
  • Erfaring med budsjettering, rapportering og rekneskap, samt bruk av Excel som analyse- og rapporteringsverktøy
  • Gode analytiske eigenskapar
  • Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk

Vi søkjer deg som

  • trivst med å ha stort spenn i arbeidsoppgåver
  • er fleksibel og løysingsorientert, har stor arbeidskapasitet og trivst i ein travel arbeidskvardag
  • har ei drivkraft til å gjere ein god jobb og likar å spele på lag med andre

Arbeid med budsjettering og rapportering krev at du er ryddig og har god gjennomføringsevne, og at du kan jobbe sjølvstendig, nøyaktig og målbevisst. I rolla som støttespelar for tilsette og leiarar krevst det at du er proaktiv, og at du har ein høg grad av serviceinnstilling, samt gode samarbeids- og ommunikasjonsevner. Som person bidreg du til vårt gode fellesskap og arbeidsmiljø.

I vårt val av kandidatar vil vi gjere ei heilskapleg vurdering av utdanning, motivasjon og andre kvalifikasjonskrav som kjem fram av annonseteksta. Vi vil i tillegg ved vurdering av søkjaren legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som rådgjevar (kode 1434) er for tida 604 400 - 708 000 (lønssteg 62 - 71). For særs kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Dersom det ikkje melder seg kvalifisert søkjar til stilling som rådgjevar kan det verte aktuelt å tilsette i stilling som seniorkonsulent. Løns om seniorkonsulent (kode 1363) er for tida 557 100 - 615 700 (lønssteg 57 - 63). For særs kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til økonomikoordinator Siv Johnsen Eggereide, e-post: siv.eggereide@uib.no, tlf: 55 58 68 43.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 17, 5018 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1206 følger dette firmaet

Årstadveien 17, 5018 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353347638
Sist endret 17. mai 2024 00:00

Rapporter annonse