Inaktiv

Vernepleiar/sjukepleiar 80% vikariat

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Lyngheia bufellesskap
Stillingstittel
Lyngheia bufellesskap
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 400 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.


Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Vil du bli ein del av ein dedikert og engasjert gjeng? Da er du den vi leter etter!

Om avdelinga

Lyngheia er eit bufellesskap med 6 personar med psykisk utviklingshemming. Dei har varierande hjelpebehov og diagnosar.
Lyngheia ligg sentralt i Straumeområdet nær offentleg transport og kommunedelsenter.

Vi har som målsetting å bidra til at den einskilde bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag kor trivsel, sjølvråderett og meistring er viktig. Vi er ein tverrfagleg personalgruppe med vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og assistentar.

Arbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid/dagleg oppfølging
  • Medisinsk oppfølging
  • Medikamenthandtering
  • Arbeid etter kap.9
  • Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert vernepleier, sjukepleier
  • Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå brukargruppa
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
  • Være fleksibel og oppteken av å finne løysingar
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team
  • Respekt og engasjement for brukargruppa
  • Taklar hektiske og psykisk utfordrande situasjonar
  • Ha ønske om faglege utfordringar

Personleg eigenheit er ein føresetnad og vil vektleggjast særleg

Anna:

  • Vikariat periode: 15.07.24 - 10.02.25
  • Gyldig politiattest må førevisast dersom ein blir tilsett
  • 4. kvar helg med lange vakter inntil 13,5 timar

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Jostein Gangsøy Eide, Avdelingsleiar Pollhaugen, mobil 488 60 948
Kristin Straume, Einingsleiar MMNF, mobil 997 99 526

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Lyngheia buffellesskap er eit nyopna heildøgnsbustad lokalisert på Straume, der det bur seks unge utviklingshemma.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier

Nøkkelord

vernepleier, vernepleiar, sykepleier, sjukepleiar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Gangsøy Eide
Kontaktperson
Kristin Straume
Telefon
56 38 51 50
Følg firma
329 følger dette firmaet

Blombakkane, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 353318366
Sist endret 1. jun. 2024 00:00

Rapporter annonse