Inaktiv

Fagarbeidar/driftsteknikar

Arbeidsgiver
Bykle
Stillingstittel
Fagarbeidar/driftsteknikar
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Vil du vere med på laget?
Teknisk drift- og eigedom søkjer etter ein fagarbeidar/driftsteknikar i 100 % stilling som ønskjer ein spennande og variert kvardag.Stillinga ligg under avdeling for eigedom, og som fagarbeidar/driftsteknikarvil du vere kontaktleddet mot brukarar av kommunen sine eigedomar i Bykle og på Hovden.
Vi søkjer primært etter ein person med erfaring innan arbeid med grøntarealer og/eller drift og vedlikehald av større bygg som har fagbrev innan grøntarbeid, byggdrift, tømrer, elektriker, ventilasjon, røyrleggjar, eller dokumentert relevant erfaring.
Du vil ha ansvar for løpande drift og vedlikehald av grøntarealer og bygg, slik at dei er i samsvar med forventingar og gjeldande krav. Du vil ha ei sentral rolle for å sikre optimal drift av grøntareala og bygga. Du vil vere ein del av kommunen sitt erfarne driftsteam.

Arbeidsoppgaver

Være delaktig innan drift- og vedlikehald av kommunens grøntarealer i Bykle og på Hovden.
Teknisk drift og vedlikehald av enkelte av kommunens bygg eller bygg kommunen har driftansvar for.
Være med på vaktlag for isbanen på Hovden vinterstid.
Brøyting med minitraktor og noko anna vintervedlikehald rundt kommunens bygg.
Tilstandsvurderingar på eigne bygg / avviksrapportering
Oppfølging av IK-system
Hjelpe til med utarbeiding av drifts- og vedlikehaldsplanar.
Rapportering av utført ettersyn/vedlikehald av byggjeteknisk infrastruktur og periodiske kontrollar.
Utføre ettersyn av maskiner og utstyr på eget bygg.
Være ein del av team som legger til rette for gravferder på kyrkjegårder i Bykle og på Hovden for soknerådet. Eigen avtale og kompensasjon gjeld for dette.

Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver. Det blir utarbeidd stillingsomtale. Den tilsette må vere villig til å ha ansvar for lærlingar.

Kvalifikasjoner

Relevant fagbrev innan grøntarbeid og/eller innan byggdrift, tømrer, elektriker, ventilasjon eller røyrleggjar.
Anna dokumentert relevant erfaring kan kompensere for fagbrev

Grunnet graving på kirkegård er det krav om Maskinførerbevis M2. Det er også ønskeleg med erfaring frå arbeid med maskinar.

Førarkort klasse B, det er ønskjeleg med førerkort klasse BE og T
Beherske dataverktøy og erfaring frå bruk av elektronisk kommunikasjonsverktøy
Den som tilsetjas må vere villig til å ta kurs/etterutdanning

Personlige egenskaper

Serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsfull
Målretta, systematisk, og løysingsorientert
Sjølvgåande, engasjert og beslutningslojal
Evne og vilje til teamarbeid
Gode evner til kommunikasjon og til å skape gode relasjonar
Har bevist forhald til helse, miljø og tryggleik
Personlege eigenskapar vektleggjas på lik linje med kvalifikasjoner.

Vi tilbyr

Løn ihh.t einkvar tid gjeldande tariff
God pensjons- og forsikringsordning
Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Bedriftsleilighet i Kristiansand
Moglegheit for etter- og vidareutdanning

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Namnet på søkjarar blir vanlegvis offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit. Då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!

Om arbeidsgiveren

Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.


Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette

Sektor
Offentlig
Sted
Sarvsvegen 14, 4754 Bykle
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Birkeland
Stillingstittel
Tenesteleiar
Telefon
41 68 78 73
Følg firma
51 følger dette firmaet

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Annonseinformasjon

FINN-kode 353313197
Sist endret 31. mai 2024 00:00

Rapporter annonse