Senior prosjetktleiar nybygg

Arbeidsgiver
Fjord1 AS
Stillingstittel
Senioprosjektleiar nybygg
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Fast

VI HAR LEDIG STILLING SOM SENIOR PROSJEKTLEIAR NYBYGG I VERDAS LEIANDE FERGESELSKAP!

Nybygg er organisert under divisjonen Teknologi og prosjekt (T&P) i lag med Teknisk driftsstøtte, Teknologi og utvikling, Anbodsstøtte og Prosjektrealisering. Totalt tel T&P 18 dyktige og dedikerte kollegaer innan ulike tekniske fagfelt.

Nybygg har ansvar for bygging av nye fartøy og ombygging/oppgradering av dei eksisterande. I stillinga vil du følgje opp nybyggings- og ombyggingsprosjekt frå idéstadium til ferdig produkt. Dette gjer du i tett samarbeid med driftsorganisasjon, designselskap, verft, utstyrsleverandørar, klasse og myndigheiter. Du vil og jobbe med teknologiutvikling og implementering av ny teknologi på våre fartøy, samt delta i anbodsarbeid knytt til fartøykonsept, energisystem, rutestudier og kalkylar.

Lura du fortsett på kvifor du skal søkje på stillinga?

Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. I Fjord1 skapar vi ein arbeidskultur der smil og entusiasme trivast. Vi setter stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette skapar tillit både internt og eksternt. Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer.

For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønnsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeida på tvers av avdelingar og fagområde. I Fjord1 er vi stolte av arbeidet vårt og den rolla vi har i samfunnet og det grøne skiftet.

Kven håpar vi at du er?

Vi ser etter deg som er løysingsorientert og som trivast med stor grad av samhandling. Du er systematisk, analytisk og nysgjerrig på ny teknologi ,og moglegheitene som ligg i dette. For å lykkast i stillinga må du ha gode kommunikasjonseigenskaper, evne til å engasjere, motivere og styre både interne og eksterne prosjektdeltakarar.

Reising til spennande prosjekt i inn og utland må påreknast.

Har du lyst å delta i oppbygginga av ei meir berekraftig ferjenæring og lede an i teknologiutviklinga? Då håpar vi at du sender oss din søknad!


Arbeidsoppgåver

  • Sentral i utvikling av avdelinga og medarbeidarar
  • Prosjektleiar for tildelte nybygg og/eller større ombyggingar
  • Fagleg ansvar for byggjeoppfølgingsteam
  • Vere teknisk kompetanse innafor anbodsprosessar
  • Kontaktperson mot verft, klasse og myndigheiter ved gjennomføring av prosjekt
  • Ta del i prosessar for utvikling av nye ferjer/hurtigbåtar og ombyggingsprosjket
  • Vere ein ressurs innan forståing og utvikling av regelverk

Ønska kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan relevant fagfelt, gjerne maskin- eller marinteknikk
  • Arbeidserfaring frå verft, reiarlag, designselskap e.l. er ynskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
  • Gode kommunikasjonseigenskapar munnleg og skriftleg
  • Du har gode norsk og engelsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Du har gode IT kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Systematisk og strukturert
  • Analytisk
  • Nysgjerrig
  • Sjølvstendig
  • Løysingsorientert
  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar

Vi tilbyr

  • Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling med nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer og hurtigbåtar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
  • Gode velferdsordningar
  • Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø

Om arbeidsgiveren

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.



Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.



Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.



Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Sektor
Privat
Sted
Strandavegen 15, 6905 Florø
Bransje
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse,
Rådgivning,
Teknisk personell
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Prosjektledelse, ferje, maritim, senior, ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Malin Steinset
Stillingstittel
HR Rådgjevar
Telefon
47 39 39 97
Kontaktperson
Arild Austrheim
Stillingstittel
Leiar prosjekt/nybygg
Telefon
90 75 98 20
Følg firma
232 følger dette firmaet

Strandavegen 15, 6905 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 353307603
Sist endret 16. mai 2024 15:20

Rapporter annonse