Løn- og rekneskapskonsulent

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Løn- og rekneskapskonsulent
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Har du lyst å arbeide saman med oss? Seksjon for løn og rekneskap søkjer no etter ein engasjert medarbeidar innanfor løn og rekneskapsarbeid, 100 % stilling med arbeidstad Molde.

Løn- og rekneskapsseksjonen er ein del av økonomiavdelinga i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er ei spanande eining som leverer økonomi-tenester av høg kvalitet i ERP systemet SAP og lønssystemet SDWorx. Hovudkontoret for løn og rekneskap er lokalisert i Molde og har i dag 22 tilsette.

Tilsettinga vil skje fortløpande.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • Løpande rekneskapsføring
  • Fakturering
  • Refusjon av reiserekningar og utlegg
  • Generell lønsbehandling
  • Sjukelønsregistrering og refusjonar

Oppgåvene vil bli tilpassa utdanning/erfaring

Kvalifikasjonar

  • Økonomisk bakgrunn
  • Erfaring fra løn- og rekneskapsoppgåver er ein fordel
  • Generelle IT kunnskaper
  • Nyutdanna vert oppfordra til å søkje
  • Snarleg tiltredelse vert vurdert positivt.

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og påliteleg
  • Evne til å stå på når det er behov for det
  • Positiv og imøtekomande
  • Evne til å kommunisere på norsk munnleg og skriftleg
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spanande kaféar og spisestadar

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 47B, 6412 Molde
Bransje
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Regnskap,
Økonomi og regnskap / Lønn
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helge Kjetil Sandblåst
Stillingstittel
Løn- og rekneskapssjef
Telefon
40 63 98 16
Følg firma
214 følger dette firmaet

Julsundvegen 47B, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 353306694
Sist endret 16. mai 2024 15:11

Rapporter annonse