Hjelp bedrifter i Møre og Romsdal med innovasjon og vekst

Arbeidsgiver
Innovasjon Norge
Stillingstittel
Kunderådgjevar finansiering Molde/Ålesund
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Innovasjon Norge

Innovasjon Norge skal bidra til fleire gode gründerar, vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø. Vi bidrar til at bedrifter lykkast med berekraftig vekst og eksport, og til at norsk næringsliv er med på å løyse globale samfunnsutfordringar. Vi skal gi lokale idear globale moglegheiter.

Vi ser no etter deg som har sterk interesse og motivasjon for å utvikle næringslivet i fylket, og som skal jobbe med å løfte dei beste prosjekta og bedriftene ut i verda. Vi prioriterer bedrifter som ønsker å løyse dei store samfunnsutfordringane og skape moglegheiter av dette.

Innovasjon Norge er ein viktig partnar for bedrifter som skal finansiere vekst og utvikling. Hos oss får du vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag, samtidig som du får jobbe med dei mest spennande bedriftene i heile Møre og Romsdal.

I rolla som kunderådgjevar innan finansiering skal du hjelpe bedrifter med å avklare behov, gi faglege råd, vurdere og finne gode finansieringsløysingar. Du skal levere bredda av våre finansieringstenester med tilskot og lån, og bidra med rådgiving på område som forretningsutvikling, nettverk og berekraftsrisiko. Oppgåvene vil vere ein kombinasjon av rådgiving og saksbehandling – med utarbeiding av finansieringssaker som ein sentral del av arbeidet.

Du vil jobbe med store og interessante prosjekt, med fokus på å finne dei beste løysingane for kundane våre. Du får samarbeide med dyktige medarbeidarar regionalt og nasjonalt i Innovasjon Norge, og du får samarbeide med både kommersielle bankar og andre aktørar i det regionale økosystemet. Du vil ha ansvar for ei portefølje av kundar som du skal følgje opp og utvikle, og jobbe for at Innovasjon Norge sine tenester er godt kjende hos aktuelle aktørar.

Dagane dine vil vere varierte, og du vil bruke tida på å:

  • Lytte: Bruke tid saman med nye og eksisterande kundar for å identifisere behov og bidra til å realisere berekraftige prosjekt i næringslivet
  • Utvikle: Vere nysgjerrig på nye idear og prosjektforslag. Drive fram auka verdiskaping, innovasjon og grøn omstilling gjennom proaktivt marknads- og mobiliseringsarbeid.
  • Analysere: Vurdere innkommande prosjektidéar og søknader, og utarbeide finansieringssaker.
  • Samarbeide: Du vil bli del av eit sterkt team i Møre og Romsdal, og samarbeide med kollegaer i inn- og utland. Vi samarbeider også med eksterne samarbeidspartnarar som bankar, kunnskapsparkar og andre offentlege aktørar.

Som person har du eit stort engasjement for kunderelasjonar. Du er analytisk og har evne å kome til kjerna i kundane sine behov. Vi har stort fokus på teamarbeid internt, og det er derfor viktig for oss at du opplever samarbeid som verdifullt. Du er resultatorientert og har ei strukturert og sjølvgåande tilnærming til arbeidet ditt.

Ønska bakgrunn og kompetanse:

  • Solid bedriftsøkonomisk forståing og kompetanse om strategisk forretningsutvikling
  • Kredittfagleg kompetanse, med vekt på vurdering av kredittrisiko og bedrifta si evne til å betene lån
  • Kunnskap og interesse for ei eller fleire av dei sentrale eksportnæringane i Møre og Romsdal
  • Høgare utdanning innan økonomi

Til slutt: kvifor jobbe hos oss? Fordi rolla du går inn i, vil vere utfordrande, spanande og eit viktig bidrag i Innovasjon Norge sitt samfunnsoppdrag. Du vil bli del av eit engasjert og fagleg dyktig team, med eit stort nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Hos oss vil du bli satsa på, og du vil ha gode høve til fagleg utvikling, blant anna gjennom 40 timar kvart år som er sett av til kompetanseutvikling. I tillegg har vi ei av dei beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg.

Arbeidsstad: Ålesund eller Molde. Vi har opning for delvis heimekontor. Du må rekne med noko reising innan regionen.

Kontakt oss gjerne for ein uformell prat – avdelingsleiar Mari Klokk Leite, tlf. 947 86 452/ mari.klokk.leite at innovasjonnorge.no eller direktør Helge Gjerde, tlf. 901 05 691/helge.gjerde at innovasjonnorge.no

Søknadsfrist: 5. juni

Innovasjon Norge ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, perspektiv, alder, kjønn og livserfaringar. Mangfald er viktig for både arbeidsmiljøet vårt og jobben vi skal gjere. Vi oppmodar særleg personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en til å søkje. Kjenner du deg att i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i søknaden.

Innovasjon Norge vil kunne gjennomføre bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar for å verifisere dokument/opplysningar og vurdere tryggleiksrelaterte forhold. Aktuelle kandidatar vil motta ytterlegare informasjon om dette. Etter søknadsfristen sitt utløp, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Opplysningar om deg kan bli gjorde offentlege sjølv om du har kome med ei grunngjeve oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil vi varsle deg og du vil få høve til å trekke søknaden.

Om arbeidsgiveren

Innovasjon Norge er statens og fylkeskommunenes virkemiddel for verdiskapende næringsutvikling i hele landet. Våre mål er flere gode gründere, flere vekstkraftige bedrifter og flere innovative næringsmiljøer i Norge. Med kunderettede enheter i alle landets fylker og i over 20 land verden over har vi som visjon å gi lokale ideer globale muligheter. Innovasjon Norge har ca. 700 ansatte. Innovasjon Norge skal kjennes som en pådriver for innovasjon i norsk næringsliv - med vekt på verdiene; Koblende, Ansvarlig og Nytenkende.

Sektor
Offentlig
Sted
Julsundvegen 4, 6412 Molde
Flere arbeidssteder
  • Skansekaia 4B, 6002 Ålesund
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Bank, finans og forsikring,
Konsulent og rådgivning,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Rådgivning,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

innovasjon, bedriftutvikling, finansiering, økonomi, næringsutvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Mari Klokk Leite
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
94 78 64 52
Følg firma
3036 følger dette firmaet

Julsundvegen 4, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 353306323
Sist endret 16. mai 2024 15:23

Rapporter annonse