Lege i spesialisering barnesjukdomar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering barnesjukdomar
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset i Kristiansund. Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnesjukdomar, med oppstart frå snarast med eit års varigeit. Stillinga inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar pr.år. Ein del av SNR vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Du ervelkomensomsøkjartileinmeningsfylt arbeidsdag!


Arbeidsoppgåver

  • Mottak av ø-hjelps pasientar
  • Behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
  • Deltaking i spesialiseringsløp
  • Dagbehandling og poliklinisk arbeid
  • Heimevakt på kveld/natt/ helg

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autoriasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Gode kunnskapar i norsk/nordisk språk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du har interesse for faget, og eit ønskje om å spesialisere deg innan barnemedisin

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår avoffentlegutdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Attesterttenestebevisfråtidlegarearbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon måleggastved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Drøymer duom å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær.Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkjeminst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Les meir om Molde og Romsdalenher!

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

LIS, Barnesykdommer, Pediatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Sandvik Havnen
Stillingstittel
Konstituert seksjonsleder
Telefon
40 60 43 85
Følg firma
216 følger dette firmaet

Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 353303632
Sist endret 16. mai 2024 14:39

Rapporter annonse