Inaktiv

Er du ein leiar som jobbar tillitsbasert og kan bygge gode relasjonar til NAV sine samarbeidspartnarar?

Arbeidsgiver
NAV
Stillingstittel
Assisterande fylkesdirektør
Frist
30.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NAV
NAV fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland med styringsansvar for ni regionarog ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette fordelt på fire avdelingar; avdeling partnarskap og kommunikasjon, avdeling fag og tenester, avdeling HR og organisasjon og avdeling økonomi og analyse. No ser vi etter ein engasjert og handlekraftig assisterande fylkesdirektør som vil samarbeide tett med fylkesdirektøren og leie ei nyoppretta avdeling med ansvar for partnarskap og kommunikasjon.

Oppfølging av partnarskap i NAV er ei stor og viktig oppgåve. Vi har 39 NAV-kontor i NAV Vestland, spreidd over store geografiske avstandar. Desse NAV-kontora skal levere både kommunale og statlege arbeids- og velferdstenester. Samarbeidet mellom stat og kommune er avgjerande for å sikre eit samordna og godt tilgjengeleg tenestetilbod. Partnarskapet blir utøvd på leiarnivå gjennom møte mellom kommunedirektør og fylkesleiinga i NAV ved fylkesdirektør og assisterande fylkesdirektør. I desse møta blir satsingsområde og prioriteringar for NAV-kontora drøfta.

Assisterande direktør vil og bli leiar for ei avdeling på fylkeseininga. Avdelinga inneheld miljøet for digital omstilling og fylket sine kommunikasjonsressursar.Stillinga rapporterer til fylkesdirektør og blir ein del av ei dyktig og engasjert leiargruppe i NAV Vestland.

Hos oss får du utfordrande arbeidsoppgåver i eit høgt tempo, og eit fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi kan love innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille. Det er viktig at du blir motivert av samfunnsoppdraget til NAV og kjenner deg att i verdiane våre; tydeleg, til stades og løysingsdyktig.


Arbeidsoppgåver

  • Representere NAV mot kommunane, samarbeidspartnarar ogvere ein aktiv samfunnsaktør
  • Representere fylkesleiinga i NAV og tre inn for fylkesdirektør ved behov
  • Ansvar for kvalitet og tenesteleveranse i NAV kontor, herunder oppfølging av kontora
  • Personal- og budsjettansvar for avdelinga
  • Drive forbetring, endring og omstilling
  • Bruke kompetansen din inn i leiargruppa, og bidra til å utvikle samarbeidet mellom avdelingane på fylkeskontoret
  • Skape resultat i tråd med samfunnsoppdraget
  • Ivareta og utvikle samarbeid både med interne og eksterne aktørar
  • Sikre kontinuerleg merksemd på måla om å få fleire i arbeid og aktivitet, og spesielt dempe utanforskapen

Du vil bli leiar for ei nyoppretta avdeling, så oppgåvene vil kunne endre seg noko i takt med behov.

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring som leiar med personal- og budsjettansvar
  • Erfaring frå omstillings- og utviklingsprosessar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og velferdstenestene
  • Forståing av leiing i staten og samfunnsoppdraget
  • God framstillingsevne, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du og har:

  • Tilleggsutdanning innan leiing
  • Forståing for digitalisering og utvikling av framtidsretta tenester
  • Forståing for medbestemming og samhandling med fagorganisasjonar
  • Kjennskap til LEAN som arbeidsmetodikk

Kva vi ser etter hos deg

I tråd med NAV sine verdiar er du "tydeleg, til stades og løysingsdyktig". Som leiar i NAV jobbar du tillitsbasert, er tydeleg og open med ein motiverande og inkluderande leiarstil. Under utøving av tillitsbasert leiing er det viktig å bygge tillit og ha evne til å sjå potensialet i dei tilsette og samarbeidspartnarar.

Evne til å bygge gode relasjonar er ein særleg sentral eigenskap i denne rolla. I tillegg ser vi etter ein leiar med gode samarbeidsevner og som kommuniserer tydeleg.

Du tenker strategisk og heilskapleg og trivst i skjeringspunktet mellom velferd, forvaltning og politikk. Du forstår offentleg forvaltning og bidreg til gode løysingar på komplekse problemstillingar. Som person har du handlekraft, er sterk på gjennomføring og er resultatorientert med evne til å sjå operative og praktiske konsekvensar. Du har også stor arbeidskapasitet.

Vi tilbyr

  • Hos oss får du jobbe med meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver innan eit høgt prioritert samfunnsområde
  • Du får eit godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte medarbeidarar som brenn for samfunnsoppdraget
  • Vi har trivelege og sentralt plasserte kontorlokale i Bergen sentrum
  • Vi tilbyr tilsetting i stillingskode 1060 avdelingsdirektør med lønsspenn frå kr. 895 500 til kr. 1102 200 per år (tilsvarande ltr. 81 - 89). For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
  • God låneordning, forsikringar og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse

Om arbeidsgiveren

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  



NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.



Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.


Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 


NAVstilling

Sektor
Offentlig
Sted
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjarte Hysing-Olsen
Stillingstittel
Fylkesdirektør
Telefon
48 24 73 18
Følg firma
4731 følger dette firmaet

C. Sundts gate 29, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353300197
Sist endret 31. mai 2024 00:00

Rapporter annonse