Har du hjarte for Astrup og Jølster?

Arbeidsgiver
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Museumspedagog
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Museumspedagog

Med oss fer du rikare!

Folka våre brenn for kunst og kunsthistorie, der formidling og menneskemøte er ein viktig del av kvardagen. Vi søker deg som vil vere med på å forme formidlingstilbodet til ein av regionen sine mest kjende kunstnarheimar.

Vi seier at kunnskap, erfaringar og opplevingar gjer oss rikare. På tolv ulike museum mellom fjord og fjell gjev vi ny innsikt i korleis verda hang saman for menneska i fjern og nær fortid. Og om korleis dette betyr noko for korleis verda heng saman for oss i dag.

Blant musea våre finn du Astruptunet, ein kunstnarheim med hage og galleri, som fortel historia om heimstaden til Engel og Nikolai Astrup. Her stiller vi ut måleri, trykkplater, tresnitt og bunadsforkle. Heim og hage etter kunstnaren er nyleg restaurert. Her formidlar vi kunnskap om korleis Nikolai Astrup bygde opp denne staden, og kvifor den var sentral i biletkunsten han skapte. Vi fortel også om Engel Astrup og hennar kunstnarkarriere, som er ein vesentleg del av historia i Astruptunet. Astruptunet ligg på sørsida av Jølstravatnet, i Sunnfjord kommune.

På andre sida av Jølstravatnet finn du Eikaasgalleriet, eit museum som formidlar den nyskapande modernisten Ludvig Eikaas, så vel som andre kunstnarar. Samlinga til Eikaasgalleriet inneheld over 850 verk av Eikaas, som i etterkrigstida vart ein av våre mest markante biletkunstnarar.

Flust av opplevingar å bli rikare av - både for besøkande og for våre tilsette.

Nettopp her i Jølster, treng vi ein ny museumspedagog som kan vere med på å formidle historia om Astruptunet og Eikaasgalleriet til publikum i alle aldrar.

Er det deg vi leitar etter?


Om stillinga

Som museumspedagog på Astruptunet og Eikaasgalleriet vil du blant anna ha ansvar og oppgåver knytt til:

  • pedagogiske formidlingsopplegg for born og unge i skule og barnehage
  • formidlingsopplegg og omvisingar for andre målgrupper
  • arrangement, verkstader og aktivitetar
  • utstillingar og formidlingsløyper
  • formidling på digitale flater

Vi ser etter deg som har:

  • høgare utdanning innan kunsthistorie, eller andre relevante fag minimum på bachelor-nivå
  • erfaring i formidlarrolla, særleg i møte med born og unge
  • erfaring med pedagogisk tilrettelegging
  • erfaring med og interesse for formidling på digitale flater
  • praktiske ferdigheiter og kunnskapar knytt til kunst og handverk
  • førarkort kl. B

Arbeidet som museumspedagog er variert med omsyn til både arbeidsoppgåver og intensitet, og krev dessutan høg grad av sjølvstende. Du vil møte mange ulike typar menneske i alle aldrar, og du vil tidvis også arbeide på kveld og i helg. Dei som trivst best med ein slik arbeidskvardag, vil meistre stillinga best.

Astruptunet og Eikaasgalleriet betyr mykje for mange interessentar i både inn- og utland, og har gode og etablerte samarbeid med både eigar Sunnfjord kommune, og fleire andre organisasjonar.


Moglegheiter og utfordringar for vår nye museumspedagog

Astruptunet har mange besøkande i sommarmånadane, men vi ynskjer også å etablere eit større tilbod for barn og unge utanfor høgsesong. Også på Eikaasgalleriet ønskjer vi å utvikle tilbodet for ulike målgrupper både i og utanfor høgsesong. I kunstavdelinga får du eit godt og fagleg kollegium, og høve til å jobbe tett på utstillingsproduksjonar på andre museumslokasjonar.

I sommarhalvåret vil oppmøtestaden vere på Astruptunet, medan ein i vinterhalvåret har kontorplass på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Med ulike oppmøtestadar gjennom året, og dels intensive periodar med parallelle prosjekt, krev stillinga at du er mobil og løysingsorientert - og trivst med høgst varierte arbeidsdagar.


Kvifor skal du søke på stillinga?

Likar du å få ting til å skje, har hjarte for kunsthistorie og formidling, og engasjement for musea som samfunnsaktør? Då kan denne jobben vere mogelegheita du ikkje kan la gå frå deg. Vi er spente på å høyre frå deg!

Hjå oss får du utvikle kunnskapen og evnene dine som både museumspedagog, formidlar og fagperson. Du får eit fagleg nettverk, og du blir del av eit engasjert og dedikert kollegium med 8 tilsette i avdeling kunst, og 60 tilsette i MiSF.

Vi lovar innhaldsrike arbeidskvardagar der du vil møte mange menneske, utfordringar og mogelegheiter til å skape noko nytt. Vi håpar å kunne gjere deg rikare.

Folka våre brenn for kunst, der formidling og menneskemøte er ein viktig del av kvardagen. Om du kjenner deg heime i ein slik modus, vil du kjenne deg heime hjå oss.


Om arbeidsgiveren

Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til kunstnarparet Engel og Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar, eksport av kvernsteinar i vikingtida og Lord Slingsby, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Les meir om Musea i Sogn og Fjordane på vår nettstad www.misf.no
Vi har 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Arbeidsmiljøundersøkingane våre viser at det er god trivsel på jobb, at dei tilsette er nøgde med sine kollegaer og leiarar, og har meiningsfulle oppgåver. Sjukefråværet vårt er under bransjegjennomsnittet.
Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar om å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Søknad registrerer du via lenke på denne sida. CV, vitnemål og attestar skal du laste opp under "Vedlegg".
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Sektor
Offentlig
Sted
Nikolai Astrups veg 1135, 6847 Vassenden
Bransje
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tor Martin Leknes
Stillingstittel
Avdelingsdirektør kunst
Følg firma
69 følger dette firmaet

Nikolai Astrups veg 1135, 6847 Vassenden

Annonseinformasjon

FINN-kode 353298717
Sist endret 16. mai 2024 13:53

Rapporter annonse