Inaktiv

Kom og bli med på laget vårt!

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Miljøarbeidarar
Frist
27.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Miljøarbeidarar

Om stillinga

Valestrand skule er ein 1.- 7. skule med om lag 250 elevar og 30 tilsette. Skulen sitt leiarteam består av to avdelingsleiarar, rektor og SFO- leiar. Osterøyskulen sin visjon er "lærelyst for meistring i framtida" der skulen har tre kjerneverdiar: engasjert, inkluderande og kreativ.

Som miljøarbeidar er den viktigaste oppgåva å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre. I tillegg ruste dei best mogeleg til å meistre eigne liv, vidare skulegang og framtidig arbeidsliv.

Ved Valestrand skule har vi ein edige stillingar som miljøarbeidar og ein stilling som miljøterapaut. Vi ser etter deg som er positiv og klar for nye utfordringar i eit engasjert og nytenkande arbeidsmiljø.

Skulen ligg på Valestrand i gangavstand til ferjekaien som tar deg over til Breistein på 10 minutt. Skulen har flotte uteområde med mange fine turmoglegheiter kringom som skulen nyttar flittig.


Arbeidsoppgåver

Som miljøarbeidar er du ein aktiv bidragsytar i å skapa eit trygt og godt skulemiljø. Du vil i tillegg ha eit særleg ansvar for tilrettelegging og å skape ein forutsigbar og meinigsfull kvardag for elevane våre. For- og etterarbeid er ein del av stillinga. Stillinga krev stor grad av engasjement, fleksibilitet og sjølvstende. Arbeidsdagen vil vere variert med oppgåver knytt mot enkeltelevar, klasser og skulemiljøet generelt.


Vi tilbyr

  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og varierte oppgåver på ein flott arbeidsplass
  • Ein skule i utvikling
  • Relevante kurs og rettleiing


Kvalifikasjonskrav

Til stillinga som miljøarbeidar er det eit ønskje om fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget eller anna relevant fagutdanning.

Til stillinga som miljøterapaut er det eit ønskje om treårig høskuleutdanning innan helse-og sosialfag; vernepleiar, barnevernspedagog eller sosionom, evt anna relevant bachelorutdanning.


Kven er du?

Positiv, set eleven i sentrum og er bevisst på å vere ein god kultur-og haldningsbærar

God på relasjonbygging

Aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Fagleg engasjert og likar å jobbe systematisk

Har gode samarbeidsevner og ønskjer å samarbeide og dele kompetase med dyktige kollegaer

Tolmodig og trygg i møte med elevar og har vilje og interesse for å følgje opp elevar både utandørs og innandørs


Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!


Om arbeidsgiveren

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.

Sektor
Offentlig
Sted
Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Sosiallærer,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt Rød
Stillingstittel
Rektor
Telefon
95 88 46 75
Kontaktperson
Elin Kleppe Fossbakken
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
56 19 27 64
Følg firma
175 følger dette firmaet

Valestrandsvegen 338, 5281 Valestrandsfossen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353297088
Sist endret 28. mai 2024 00:00

Rapporter annonse