Vi søkjer ein entusiastisk og over snittet bilinteressert servicemedarbeidar!

Arbeidsgiver
Frydenbø Bil
Stillingstittel
Servicemedarbeider
Frist
23.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Er du lidenskapeleg oppteken av å møta kundar, samstundes som du trivast med å jobbe sjølvstendig og systematisk? Då kan DU vere den vi leitar etter til teamet vårt! Vi søkjer ein entusiastisk og over snittet bilinteressert servicemedarbeidar til servicemarknadsavdelinga vår i Sogndal.

Frydenbø Bil i Sogndal er ein fullskala Volkswagen-forhandlar, i tillegg til merkeverkstad for Audi og ?koda. Vi har med andre ord produkt i verdsklasse, men sjølv desse bilane treng service, vedlikehald og reparasjonar.

Vi har nettopp flytta inn i flunkande nye lokale i Sogn handelspark, og vi tilbyr eit arbeidsmiljø med toppmoderne utstyr og alle fasilitetar ein kan forvente av ein framtidsretta arbeidsplass. Ikkje minst får du jobbe med nokre av verdas mest kjende merkevarer. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling og vil passe på at du får den naudsynte opplæringa til dei ulike arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

  • Sal av verkstadtenester og delar til kundane våre via telefon, nett og ved personleg besøk i butikken vår
  • Delaktig i lagerstyring og logistikk av delar
  • Delaktig i styring og fordeling av arbeid til våre servicemekanikarar
  • Ivareta kundane våre på ein profesjonell og tillitsvekkande måte
  • Kundeoppfølging, i tillegg til oppfølging av CRM-program for service og vedlikehald
  • Rapportering og fakturering

Vi ser etter ein person som:

  • Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
  • Kan kommunisere med folk, både ansikt-til-ansikt og via telefon
  • Synest det er gøy når det skjer mykje, og evnar å jobba med fleire oppgåver samstundes
  • Har stort kundefokus og likar å jobbe for at kundane skal få den gode kundeopplevinga
  • Har god kunnskap om bil
  • Er omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Erfaring med digitale arbeidsverktøy
  • Evnar å stå på og har gode haldningar, og viser høg grad av fleksibilitet

Fordelar ved å jobbe hos oss:

  • Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og livleg arbeidsmiljø
  • Høve til personleg og profesjonell utvikling i eit fleirfagleg miljø
  • Delta i veksten og utviklinga av eit selskap som verdset innovasjon
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
  • Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
  • Støtte til trening
  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth og Mallorca

I Frydenbø Bil Sogndal får du ikkje berre gleda av å jobba i ei framifrå bedrift, men du kan òg oppdage Sogndal sine unike perler – ein praktfull natur beståande av majestetiske fjordar, vatn og fjell. Sogn er eit paradis for naturelskarar og eventyrlystne sjeler. Og med eit godt kulturtilbod og eit sterkt samhald skaper Sogndal eit trygt og fredeleg miljø, ideelt for familieliv. Det aktive idrettsmiljøet og den umiddelbare tilgangen til imponerande fjell og fjordar legg alt til rette for ein perfekt balanse mellom arbeid og fritid. Velkommen til Frydenbø Bil og Sogndal!

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Rune Stølen på telefon 99 20 50 97 – rune.stolen@moller.no

Søknadsfrist: 23.06.24.

Søknader blir fortløpande behandla.

Om arbeidsgiveren

Frydenbø Group er et familieeid konsern med hovedkontor på Damsgård i Bergen. Konsernet er en betydelig aktør innen forretningsområdene; Bil, Industri, Eiendom og Marine. I 2019 ble NXT etablert som den femte enheten. Frydenbø Group har totalt rundt 900 medarbeidere og omsatte i 2022 for over 4 mrd. kr. Frydenbø Groups kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse". Felles strategiske fokusområder: Team, Kundereise og Bærekraft.  

Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, BYD, Maxus, Audi, Skoda og Volkswagen. Vi driver Polestar Space og Lotus butikk i Bergen. I tillegg er vi majoritetseier i EV Services AS, et selskap som spesialiserer seg på reparasjon av elektriske biler, samt deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,2 mrd. i 2022.


I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge&Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.




Sektor
Privat
Sted
Avsølevegen 15, 6856 Sogndal
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Bil- og bildelproduksjon,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Koordinering,
Kundeservice,
Teknisk personell

Nøkkelord

Kundeservice, Bilforhandler, Audi, Volkswagen, logistikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Stølen
Stillingstittel
Servicemarkedssjef Sogndal
Følg firma
18 følger dette firmaet

Avsølevegen 15, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 353289831
Sist endret 30. mai 2024 10:39

Rapporter annonse