Frydenbø Bil i Sogndal søkjer serviceinnstilt produksjonsleiar

Arbeidsgiver
Frydenbø Bil
Stillingstittel
Produksjonsleiar
Frist
31.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Sogn er kjent for å ha nydeleg natur, den beste snøen, den beste frukta og eit fantastisk fotballag. Men Sogn og Sogndal har også Frydenbø Bil. Som fullskala Volkswagen-forhandlar og merkeverkstad for Audi og Skoda har vi produkt i verdsklasse, som av og til treng service, vedlikehald og reparasjonar.

Til vårt splitter nye anlegg, lokalisert i Sogn Næringspark, treng vi ein produksjonsleiar.

Frydenbø Bil tilbyr eit arbeidsmiljø med topp moderne utstyr og alle fasilitetar ein kan forvente av ein framtidsretta arbeidsplass. Vi legg stor vekt på fagleg utvikling, og som tilsett hos oss får du høve til å utvikle deg vidare på den reisa gjennom Harald A. Møller kompetansesenter, ein av dei beste skulane i landet, med tanke på opplæring og karrieremoglegheiter innan faget.

Produksjonsleiar sine hovudoppgåver:

  • Vere ansvarleg for at verkstadgruppa bidreg til å nå våre mål for servicemarknad
  • Vere ansvarleg for verkstadplanlegging, produktivitet og omsetning
  • Lede den daglege produksjonen på verkstaden
  • Kunne lytte til kunden sine ønske og behov
  • Gje råd til kunden om arbeidets art, omfang og kostnader
  • Utarbeide kostnadsoverslag
  • Vere ein motivator for dei tilsette, ta leiaransvar og skape gode relasjonar mellom avdelingane

Vi ser etter ein person som:

  • Er strukturert, engasjert og sjølvstendig
  • Likar at det i periodar er høgt tempo, og evnar å jobbe med fleire oppgåver samstundes
  • Har stort fokus på at kundane skal få den beste kundeopplevinga
  • Har grunnleggande kunnskap om bil
  • Er omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Erfaring med digitale arbeidsverktøy
  • Evnar å stå på, har gode haldningar og viser høg grad av fleksibilitet

Fordelar ved å jobbe hos oss:

  • Få arbeide med nokre av verdas mest kjende merkevarer
  • Varierte og interessante oppgåver i eit uformelt og livleg arbeidsmiljø
  • Høve til personleg og profesjonell utvikling i eit fleirfagleg miljø
  • Delta i veksten og utviklinga av eit selskap som verdset innovasjon
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og solid eigarstruktur
  • Gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
  • Støtte til trening
  • Attraktive rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet vårt
  • Tilgang til leilegheiter/hytter på Geilo, Maurseth og Mallorca

I Frydenbø Bil Sogndal får du ikkje berre gleda av å jobba i ei framifrå bedrift, men du kan òg oppdage Sogndal sine unike perler – ein praktfull natur beståande av majestetiske fjordar, vatn og fjell. Sogn er eit paradis for naturelskarar og eventyrlystne sjeler. Og med eit godt kulturtilbod og eit sterkt samhald skaper Sogndal eit trygt og fredeleg miljø, ideelt for familieliv. Med det aktive idrettsmiljøet og den umiddelbare tilgangen til imponerande fjell og fjordar ligg alt til rette for ein perfekt balanse mellom arbeid og fritid. Velkommen til Frydenbø Bil og Sogndal!

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt med servicemarknadssjef Rune Stølen på telefon 99 20 50 97 – rune.stolen@moller.no

Søknadsfrist: 31.05.24.

Søknader blir fortløpande behandla.


Om arbeidsgiveren

Frydenbø Group er et familieeid konsern med hovedkontor på Damsgård i Bergen. Konsernet er en betydelig aktør innen forretningsområdene; Bil, Industri, Eiendom og Marine. I 2019 ble NXT etablert som den femte enheten. Frydenbø Group har totalt rundt 900 medarbeidere og omsatte i 2022 for over 4 mrd. kr. Frydenbø Groups kjerneverdier: entusiastisk, ærlig og ansvarlig. Visjon: "Skape verdier gjennom kvalitet og service i verdensklasse". Felles strategiske fokusområder: Team, Kundereise og Bærekraft.  

Frydenbø Bil er et av Vestlandets raskest voksende konsern og er bilforhandler av Volvo, BYD, Maxus, Audi, Skoda og Volkswagen. Vi driver Polestar Space og Lotus butikk i Bergen. I tillegg er vi majoritetseier i EV Services AS, et selskap som spesialiserer seg på reparasjon av elektriske biler, samt deleier i bruktbilkjeden MyCar. Konsernet hadde en omsetning på NOK 3,2 mrd. i 2022.


I 2022 kjøpte Frydenbø Bil Berge&Co, og Møller Bil Ålesund og Molde i 2023. Frydenbø Bil har nå bilforretninger i Mandal, Kristiansand, Bergen, Førde, Sogndal, Sandane, Stryn, Ørsta, Ålesund og Molde, samt merkeverksted i Måløy og Høyland. Vi er totalt 430 ansatte.




Sektor
Privat
Sted
Avsølevegen 15, 6856 Sogndal
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Bil- og bildelproduksjon,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Ledelse,
Teknisk personell

Nøkkelord

produksjonsleiing, bilverkstad, teamledelse, service, planlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Stølen
Stillingstittel
Servicemarknadssjef Sogndal
Mobil
99 20 50 97
Følg firma
18 følger dette firmaet

Avsølevegen 15, 6856 Sogndal

Annonseinformasjon

FINN-kode 353288464
Sist endret 16. mai 2024 12:42

Rapporter annonse