Anleggsmekanikar

Arbeidsgiver
Sartor & Drange AS
Stillingstittel
Anleggsmekanikar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Vi har ledig stilling som

Anleggsmekanikar

 

Likar du deg når du kravlar rundt i ei steinrøys for å få orden på ein havarert dumper eller hjullastar?  Blir du gira av å gjere nødreparasjon på brøyteutstyr samtidig som det lavar ned og bles kuling?  Taklar du å veksle mellom konsentrert planlagt arbeid på verkstad og utrykkingar til felt fordi noko utstyr står i sju steinar og må fiksast i ein fart for å halde eit anlegg i gang?

 

Har du i tillegg bakgrunn som mekanikar på anleggs- eller landbruksmaskin med 5-10 års erfaring, kan det vere du er rette person for oss.

 

Arbeidet vil vere variert, men går i reparasjonar og service på gravemaskiner, hjullastarar, dumper, borerigg og alt mogleg av tilleggsutstyr og mindre maskiner.    

 

Vår forventning er at du:

·        Har erfaring som anleggsmekanikar eller liknande rolle.

·        Har fagbrev som anleggsmaskinmekanikar eller liknande, men er ikkje eit absolutt krav.

Kompetanse og erfaring innan faget kan kompensere for manglande fagbrev.

·        Fordel med førarkort klasse C1E/C, truck samt G4/11, men er ikkje eit absolutt krav.

·        Trivst med ein kvardag der ein må snu seg fort rundt.

·        Beherskar norsk flytande både munnleg og skriftleg

·        Er nøyaktig og presis med dokumentasjon på utføring av arbeid

 

Vi kan tilby:

·        Ein variert kvardag med gode kollegaer

·        Eit godt fagmiljø med moderne utstyrspark og eige verkstad

·        Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til verksmestar Asmundur Jespersen på 982 46 704 eller personalansvarleg Håvard Jonassen på 970 32 620. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande

Om arbeidsgiveren

Sartor & Drange AS har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er Bergensregionen. Vi er ca 210 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 1 mrd. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentreprisar på bygg. Vi har kontor og verkstad i moderne lokalar på Straume i Øygarden kommune

Sektor
Privat
Sted
Idrettsvegen 156, 5353 Straume
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

anleggsmekaniker, servicemekaniker, landbruksmekaniker, mekaniker, anleggsmaskiner

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Asmundur Jespersen
Stillingstittel
Verksmester
Mobil
98 24 67 04
Kontaktperson
Håvard Jonassen
Stillingstittel
Personalansvarlig
Mobil
97 03 26 20
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
132 følger dette firmaet

Idrettsvegen 156, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 353286621
Sist endret 16. mai 2024 12:53

Rapporter annonse