Kontrollingeniør

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Kontrollingeniør
Frist
06.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontrollingeniør- Vegdrift Sunnmøre
Vi søker etter kontrollingeniør for vegdriftskontrakt på Sunnmøre i Fylkesvegavdelinga:
Drift og vedlikehald av fylkesvegar
Fylkesvegnettet består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, om lag 1000 bruer samt andre vegelementer.

Du blir fast tilsett i vegdriftseksjonen, som er ein del av fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund, og du må rekne med ein del reising i fylket.

Kontorstad: Ålesund

Fylkesvegavdelinga har eit stort, samla kompetansemiljø innan planlegging, bygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegane og har omlag 125 tilsette. Vegdriftseksjonen har i dag 35 tilsette. Seksjonen har i dag teamleiarar, byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar innan HMS, geologi, geoteknikk, økonomi og prosjektering. I tillegg har fylkesvegavdelinga ein fagleg sterk og kompetent byggherreorganisasjon.


Arbeidsoppgåver

- Vere del av eit team som styrer ulike drift- og vedlikehaldskontraktar for gjennomføring av drift- og vedlikehaldsarbeid på det fylkeskommunale vegnettet.
- Planlegge og følje opp drift og vedlikehaldsoppgåver på fylkesveg i tett samarbeid med byggeleiar og entreprenør på kontrakt
- Rapportere til byggeleiar på driftskontrakt samt vere ei støtte i kontraktsgjennomføringa
- Utarbeide kontrollplanar, gjennomføre kontrollar, samt dokumentere og rapportere resultat
- Vere store deler av arbeidsveka ute i felt, men det må også påreknast nokre kontordagar
- Samarbeide med andre fagpersonar både i teamet og i avdelinga

Kvalifikasjonar

- Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet
- Relevant erfaring frå drift- og vedlikehald eller vegbygging kan kompensere for formell utdanning
- Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

- Vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar
- Evne til å bruke din fagkunnskap praktisk og teoretisk
- Vere positiv og samarbeidsorientert
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss!


Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.


Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.



FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte 



Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.


Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder. 


Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.


Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.

Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.


Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)

Sektor
Offentlig
Sted
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Kontrollingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torgeir Bye
Stillingstittel
Seksjonsleder
Telefon
90 73 78 73
Kontaktperson
Karl Inge Vestre Hauge
Stillingstittel
Teamleiar team vegdrift Sunnmøre
Telefon
48 18 54 01
Følg firma
313 følger dette firmaet

Borgundvegen 340, 6009 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 353284350
Sist endret 16. mai 2024 11:31

Rapporter annonse