Spesialkonsulent/rådgjevar innan kulturproduksjon (arbeidsstad Bergen)

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Spesialkonsulent/rådgjevar innan kulturproduksjon (arbeidsstad Bergen)
Frist
02.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune har ledig 100 % fast stilling som spesialkonsulent/rådgjevar i fageining kulturproduksjon, som er ein del av seksjon for kulturformidling i avdeling for kulturog folkehelse.

Til stillinga ligg planlegging og turnélegging i Denkulturelle skulesekken (DKS) og andre oppgåver innan fagfeltet eininga har ansvar for.

Avdelinga har lokasjon i Bergen, Førde og Leikanger. Den som vert tilsett får arbeidsstad Bergen.Tilsetjing så snart som råd.

Vestland fylkeskommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.


Arbeidsoppgåver

  • utvikle DKS-tilbodet i samarbeid med kollegaer i fageining kulturproduksjon
  • planleggje turnéar til grunnskular og vidaregåande skular i Vestland
  • løpande oppfølging av utøvarar og skular i samband med gjennomføring av DKS-programmet
  • andre oppgåver i fageininga som det er naturleg å leggje til stillinga

Stillinga ligg under fageining kulturproduksjon.Sjå meir om eininga her.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning og fagleg relevant realkompetanse
  • god kjennskap til bruk av digitale verktøy

Personlege eigenskapar

Bakgrunn frå kulturformidling til barn og unge og logistikkarbeid er ynskjeleg.

Det er ein føremon med relevant erfaring med programmering og turnélegging i DKS, kjennskap tilskuleverket og geografien i Vestland.

Vi søkjer deg som

  • har evne til å arbeide under høgt tempo, med strenge tidsfristar og mange oppgåver samstundes
  • har gode samarbeidsevner
  • har evne til å arbeida sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
  • kommuniserer tydeleg skriftleg og munnleg
  • er fleksibel og serviceinnstilt
  • har interesse og forståing for kulturformidling til barn og unge

Vi tilbyr

  • løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Sektor
Offentlig
Sted
Lars Hillesgt. 22, 5020 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Kunst og kultur,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Rådgivning
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Charlotte Espeland
Stillingstittel
leiar
Telefon
48 99 56 06
Følg firma
1077 følger dette firmaet

Lars Hillesgt. 22, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353280419
Sist endret 16. mai 2024 10:57

Rapporter annonse