Bli med i etableringa av vårt nye kontor i Bergen!

Arbeidsgiver
BKS Konsern
Stillingstittel
Senioringeniør / ingeniør til varierte oppgåver som del av eit lite team med høg kompetanse
Frist
snarest
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer senioringeniørar og ingeniørar til vårt nyopna kontor i Bergen. Om du er ute etter ei spennande og variert stilling i eit lite og veletablert ingeniørmiljø håpar vi å høyre frå deg.


Hos oss får du jobbe med varierte oppgåver gjennom heile prosjektkjeda, der det somme gonger krevst at du jobbar sjølvstendig og andre gonger at du er del av team enten internt i Zenit eller hos kunde. Du må vere villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Tidvis vert arbeidet utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid må ha fokus på.

Kundane våre inkluderer store aktørar som Aker Solutions, Boliden og Hydro der vi jobbar med både langvarige utleiger og mindre oppdrag, og i tillegg har vi ei lang rekkje store og små oppdrag innan prosjektering for ei rekkje kundar hovedsakelig i Sunnhordaland og Ullensvangregionane. Vi ønskjer å bygge vidare på dette, samt å utvide kundegruppa vår i Bergensregionen.

Ein typisk jobb for oss er å løyse små eller store problem for kundane våre, alt ifrå å designe og berekne små og store strukturar til meir omfattande prosjekt. Me jobbar mot store kundar som smelteverk, havbruk, maritimt og annan industri. Gjennom våre eigarar i BKS konsernet har me også tilgang på større prosjekt der Zenit vil vere ein viktig bidragsytar.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte konstruksjon, design, analyse, berekning, prosjektering, feltbefaring og disiplinansvar, og fleire av våre kundar har behov for dyktige prosjektleiarar i alle faser av prosjekta sine.

Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master i ingeniørfag, typisk innan maskin, mekanisk, struktur, bygg eller liknande. Vi ser også på å styrke vår kompetanse innan elektro og automasjon.

I første omgang er vi nøydde å prioritere kandidatar med noko erfaring, minimum 3-5 år og gjerne meir, men høyrer gjerne frå deg som er nyutdanna også. Vi treng også at du snakkar flytande norsk, og har god engelsk både munnleg og skriftleg.

Hos oss i Zenit vil du verte varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar der alle samlast 4 gonger om året. I dag er vi 15 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.

Kontorstad er i utgangspunktet i Bergen, men det må påreknast noko reiseverksemd. I periodar kan også vekependling vere aktuelt for kandidatar som ynskjer det.

Og vi oppmodar deg om å ta kontakt om du er interessert i å jobbe på eit av våre andre kontor også. Vi har i dag kontor i Sunde, Odda og Leirvik i tillegg til Bergen.

Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.


Om oss:

Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.

Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i markedet.


Om arbeidsgiveren

TEKNISK TOTALLEVERANDØR MED GRØNT FOKUS



BKS-konsernet består av bedriftene:
- BKS Industri AS
- BKS Power & Automation AS
- BKS VVS AS
- Zenit Engineering AS 
- Marine Support AS

BKS-konsernet leverer tekniske installasjoner, elektro og automasjonstjenester til kraftkrevende industri, fiskeoppdrett, skip, landbasert industri, offshorenæringen og til bygg og anlegg.

Våre leveranser består bl.a. av engineering, konstruksjon, fabrikasjon og installasjon av de fleste typer rørsystem, metallkonstruksjoner og kvaliteter.

Vi er delaktige i mange miljørettede prosjekter og er blitt en viktig leverandør til prosjekter innen bærekraftige, miljømessige investeringer. Vi ser på miljø som et viktig industrielt vekstområde.

Til sammen omsetter BKS-konsernet for over 370 mill. kroner og vi er ca. 400 medarbeidere i konsernet.






Sektor
Privat
Antall stillinger
3
Sted
Vaskerelven 39, 5014 Bergen
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Roger Sætereng
Telefon
92 21 53 03
Følg firma
711 følger dette firmaet

Vaskerelven 39, 5014 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353279023
Sist endret 16. mai 2024 10:42

Rapporter annonse