Ynskjer du å bli ei viktig brikke i eit fagmiljø i vekst?

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
09.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Sjukepleiar

Om stillinga

Vaksdal kommune har ledig fast 100% stilling til sjukepleiar for tida i 2. etasje på Ressurssenteret for personar med demens. Stillinga har årsturnus og arbeid kvar 3. helg. Vi arbeidar mot gode, tilrettelagde og helsefremjande turnusar. Vaksdal er langt framme på velferdsteknologi og satsar stort på å bygga opp eit godt fagmiljø. Vi har personsentert omsorg i fokus og nyttar musikkbasert miljøarbeid og sansestimulering. Sommaren 2024 står eit nytt og topp moderne helsehus klart til innflytting. Her finn ein stor innvendig og utvendig sansehage med blant anna appelsintrer og kaffeplanter.


Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Vernepleiarkompetanse kan bli vurdert
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsevne og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus. Vi arbeidar i primærteam
  • Du er løysingsorientert, fleksibel og beslutningsdyktig
  • Du er tålmodig og brenn for god demensomsorg
  • Du må kunne prioritere arbeidsoppgaver ved samtidighetskonflikter
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vaksdal kommune kan tilby

  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Eit godt fagmiljø i vekst. Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Me gjev uttelling i lønn for relevant etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Fjord og fjell-kommune med mange flotte turmål

Om arbeidsgiveren

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Vaksdal ligg 26 minutt med tog frå Bergen og 49 minutt med tog frå Voss.Ressurssenteret er lokalisert på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider.
2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Kari Helle
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
45 37 68 43
Følg firma
28 følger dette firmaet

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Annonseinformasjon

FINN-kode 353277238
Sist endret 21. mai 2024 10:59

Rapporter annonse