Fiksdal Friskule er i vekst og treng lærar

Arbeidsgiver
Fiksdal Friskule SA
Stillingstittel
Lærar
Frist
24.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Fiksdal Friskule SA er i vekst, og vi har ledig lærarstilling

Frå 1. august 2024 har du moglegheit til å tiltre i kjempespennande stilling som lærar ved skulen vår. Vi har ei ledig stilling i storleik etter avtale 60 – 100 % før oppstart av skuleåret 2024/2025. Både vikariat, men og med moglegheit for å få fast. Til stillinga ligg det moglegheit for å vere kontaktlærar. Du vil som lærar ha ansvaret for planlegging og gjennomføring av undervisning for dine klassar. Du vil jobbe tett saman med dei andre tilsette på skulen og med dagleg leiar / rektor. Nokre feksempel på fagområde vi gjerne ser at du har er; norsk, matte, spesialpedagogikk, naturfag, kunst og handverk, kroppsøving. 

Les meir om skulen og stillinga på heimesidene våre. https://fiksdalfriskule.no/

Spørsmål rundt stillinga kan rettast til dagleg leiar/rektor Lone Stavnes på telefon 92311986 eller e-post lone@fiksdalfriskule.no

Søknad med CV sendast innan 24 juni 2024 til lone@fiksdalfriskule.no

Om arbeidsgiveren

Fiksdal Friskule SA er ein privat skule og SFO i vekst. Lokalisert i idylliske Fiksdal i Vestnes kommune. Der vi saman med nabobygdene er kjende for fantastisk natur, løysningsorienterte folk, breitt næringsliv og stor skaparglede. Vi har alt vi treng rett utanfor døra; Noregs flottaste natur, fjell, skog, gapahukar, sjø, lysløyper, kunstgrasbane, nærbutikk, kulturliv og mykje meir. Fiksdal ligg sentralt plassert, 20 minutt frå kommunesenteret Vestnes, 45 minutt frå Ålesund sentrum, 1 time frå Åndalsnes sentrum og 1 time frå Molde. Innanfor 45 minutt køyretur frå Fiksdal ligg det nesten 50 000 arbeidsplassar og ventar på oss. Skulen har pr. i dag i overkant av 30 barn, med ein klar ambisjon om vidare vekst. Fiksdal Friskule er ein moderne skule, og har som grunnfilosofi; ein leksefri skule, kristen formålsparagraf, fysisk aktivitet og fostring, samt fokus på gode matvanar og godt kosthald. Etter oppstarten i 2022 har skulen gjennomgått ei omfattande renovering og modernisering. Og framstår i dag som ein flott arena for barna si eigenutvikling og arbeidsplass for lærarar og fagarbeidarar. Vi skal skape den skulen som alle vil ha sine elevar i, og der alle ønskjer å jobbe. Skulen sitt motto og slagord er; "Lære gjennom å gjere".

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Fiksdalsvegen 27, 6394 Fiksdal
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Faglærer(IT, idrett, kunst)
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

lærer, allmennlærer, barneskole, undervisningsstilling, spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lone Stavnes
Stillingstittel
Rektor/Daglig leder
Mobil
92 31 19 86
Denne annonsen har FINNs "Enkel søknad"
Følg firma
1 følger dette firmaet

Fiksdalsvegen 27, 6394 Fiksdal

Annonseinformasjon

FINN-kode 353215508
Sist endret 15. mai 2024 18:46

Rapporter annonse