Førstekonsulent/rådgjevar (økonom)
Samferdselsdepartementet
- Frist 02.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du økonom og har interesse for transportsektoren? Vi søkjer
Førstekonsulent/rådgjevar (økonom)
Bli kjend med avdelinga og seksjonen
Seksjon for styring og kjøp har ansvaret for kjøp av flyruter, posttenester og kystrutetenesten (Bergen - Kirkenes). Kjøpa er knytt til transporttenester som samfunnet treng, men som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Vi har òg ansvaret for etatsstyringa av Luftfartstilsynet og Statens havarikommisjon, og koordinerer avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet. Seksjonen har ni medarbeidarar i tillegg til seksjonsleiar.
Vi er ein del av Avdeling for luftfart, post og kjøp som består av to seksjonar; seksjon for Styring og kjøp og Seksjon for regulatoriske og internasjonale saker. Dei to seksjonane samarbeider tett. Avdelinga har sektoransvaret for luftfart og post, og ansvar for koordinering av EØS-arbeidet og det internasjonale arbeidet til Samferdselsdepartementet.
Arbeidsoppgåver
Til ein spennande og variert stilling, søkjer vi deg som vil jobbe med å
- følgje opp kontraktar innanfor seksjonen sine ansvarsområde
- kvalitetssikre økonomiske berekningar
- vurdere økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar av politiske føringar og tiltak
- delta i førebuingar og gjennomføring av nye anskaffingar
- svare på ulike førespurnader til departementet
- delta i budsjett- og utgreiingsarbeid
- bidra i avdelinga si øvrige arbeid
Stillinga gir gode moglegheiter for fagleg og personleg utvekling.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant økomomisk utdanning på masternivå, gjerne sivil- eller samfunnsøkonom. Det er ein føremon om du har erfaring frå offentleg sektor og erfaring frå arbeid med anskaffingar og/eller rekneskap. Det er vidare ønskeleg at du har gode Excel-kunnskapar og kjennskap til transportsektoren.
Både nyutdanna og kandidatar med relevant erfaring kan søkje.
For å lykkast i denne stillinga meiner vi du må
- ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter, både på norsk og engelsk
- ha interesse for detaljar og evne til å gå i dybden på sakjer/berekningar, men samstundes sjå desse i eit større bilete
- vere analytisk, løysingsorientert og ha god arbeidskapasitet
- vere god på samhandling, men samstundes kunne arbeide sjølstendig
- ha interesse for offentleg sektor si rolle i samfunnet
Vi tilbyr
Hos oss får du
- arbeid med dagsaktuelle saker
- utfordrande og interessante oppgåver
- hyggeleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse
Stillinga blir lønna som førstekonsulent/rådgjevar i lønnsspenn frå kr 532 200 - 692 400. Innplassering er avhengig av kvalifikasjonar.
Det er krav om 2-3 års relevant erfaring for stilling som rådgjevar.
Les dette før du søkjer
- Vi ber om at du legg ved vitnemål og relevante attestar.
- Vitnemål fra norske utdanningsstader bør bli lasta opp frå Vitnemålsportalen.
- Utenlandske vitnemål må verte godkjend av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK dir).
- Det vil bli gjennomført bakgrunnssjekk på kandidaten som blir tilsett i stillinga.
- Den som blir tilsett må kunne bli autorisert for tilgang til informasjon gradert BEGRENSA etter sikkerheitslova.
- Til nokre stillingar vil det vere krav om tryggingsklarering. I slike tilfelle vil dette stå i stillingsannonsa.
- Offentleg søkjarliste vil foreligge etter søknadsfristen. I samsvar med offentleglova §25 kan det gjerast unntak for opplysningar om søkjar frå offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer å reservere seg mot å stå på offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Ved eventuelt avslag, vil søkjar bli kontakta før offentleggjering og få tilbod om å trekkje søknaden.
- Vi oppmodar søkjarar til å krysse av om dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Generell informasjon
Du kan få nærare informasjon om stillinga ved å kontakte fung. avdelingsdirektør Anja Siverts på tlf. 419 16 704.
Samferdselsdepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv, og oppmodar alle kandidatar med nødvendige kvalifikasjonar til å søkje. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Om arbeidsgiveren
Samferdselsdepartementet skal bidra til effektive, tilgjengelege, sikre og miljøvennlege løysingar som dekkjer samfunnet sitt behov for transport og fremjer regional utvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59 (R5), Oslo, 0030 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- FINN-kode 353198346
- Sist endret