Er du vår nye rådgjevar - planleggjar av tidleg fase-prosjekt?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Rådgjevar - planleggjar tidleg fase-prosjekt
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Synes du det er kjekt med varierte arbeidsdagar, og har lyst å utfordra deg med planlegging av tidlig fase-prosjekt knytt til samferdsel? Då vil vi at du sender oss ein søknad!

Vestland fylkeskommune og avdeling Infrastruktur og veg skal utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde. Vi skal tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekkjer samfunnet sitt behov.

Vi søkjer ein motivert kollega til eit spanande og inkluderande fagmiljø. Du vil vere med på å greie ut framtidas samferdselsløysingargjennom strategisk og operativt planarbeid i Vestland fylkeskommune. Dette omfattartidlegfaseprosjekt, forprosjekt og moglegheitsstudiar for framtidige tiltak påfylkesvegnettet generelt, samt innafor Miljøløftet.

Stillinga vil ha størst fokus på planlegging for gange og sykkel.Vi er særskilt på utkikk etter vegplanlegger, men andre relevante utdanningar og erfaring er også interessant.

Du vil bidra med å produsere gode avgjerdsgrunnlag for ei heilskapleg prioritering mellom tiltaklangs fylkesvegane i Vestland. Stillinga er lagt til einingautgreiing,som er ein del av seksjon for Vegforvaltning.


Arbeidsoppgåver

  • Rolle som prosjektleiar/-medarbeidar for utgreiingsoppgåver og beslutningsunderlag for overordna styringsdokument, som m.a. Regional transportplan.
  • Rolle som prosjektleiar/-medarbeidar for tidlegfase-prosjekt/mogelegheitstudier. Herunder styre konsulentoppdrag.
  • Varierte oppgåver mellom anna innan vegplanlegging, gange og sykkel, kollektivinfrastruktur og skredsikring med kontaktflate både internt og eksternt i Vestland fylke.
  • Sikre god samhandling med seksjonane på eiga avdeling, samt øvrige avdelingar i Vestland fylkeskommune.

Hjå oss kan du forvente

  • Spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Arbeidsstad er i utgangspunktet Bergen eller Leikanger. Andre stader kan vurderast.

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på master- eller minimum bachelornivå.
  • Utdanning/ erfaring innan veg- eller arealplanlegging vil vere ein fordel.
  • Krav til utdanning kan fråvikast ved relevant erfaring innanfor de aktuelle fagområdane.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Kunnskap om lovverk som er relevante for arbeidsoppgåvene, som t.d. veglova og plan- og bygningslova.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig.
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Løysingsorientert og evne til å bygge tillit
  • Evne til å ta ansvar og arbeide både sjølvstendig og som ein del av ei prosjektgruppe.
  • Gjennomføringsevne.

Vil du vite meir om stillinga er du velkomen å ta kontakt med leiar for Utgreiing på telefon; 40 46 56 32 eller på e-post erlend.iversen at vlfk.no.

Anna informasjon

  • Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.
  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Agnes Mowinckels gate, 5020 Bergen
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Planlegger
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Vegplanlegger, Sykkelplanlegger, Fylkesveg, Prosjekt, Prosjektleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erlend Iversen
Stillingstittel
Leiar
Telefon
40 46 56 32
Følg firma
1088 følger dette firmaet

Agnes Mowinckels gate, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353197210
Sist endret 15. mai 2024 15:29

Rapporter annonse