Lærar

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
28.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vil du vere kontaktlærar eller spesialpedagog på ein kjempeflott ny skule?

Nå er endeleg elevtala våre klare for neste skuleår. Vi ser at vi kan trenge endå ein kontaktlærar eller ein spesialpedagog, det kjem an på kompetanse til søkarane. Er dette noko for deg?

Kleppelunden skule er snart klar for at tilsette og elevar kan “flytte inn”. Ein splitter ny skule, i sentrum av Klepp, rett ved det flotte tur-og aktivitetsområdet Kleppeloen.

Kleppelunden skule er ein 1.-7. skule som skal ha kapasitet for 350 elevar. Vi startar opp med ca 280 elevar

I Kleppskulen er kjernekomponentane den engasjerte eleven, profesjonelle læringsfellesskap og læreplanforståing.

På Kleppelunden skule skal me arbeida saman for at elevane skal få ein engasjerande, aktiv og lærerik kvardag. For å få til dette skal me mellom anna arbeid strukturert med Oracy, som handlar om å auka elevane sin kompetanse i å tenka, reflektera, kommunisera og forstå seg sjølv og andre, gjennom arbeid med språk.
Godt utstyrte rom vil danna grunnlaget for å kunna arbeida kreativt med digitalisering og estetiske fag.

Me vil starta opp med å bruka planleggingsverktøyet DigUp, for å få ein felles plattform for dei pedagogiske planane. Strukturane i Cooperative Learning (samarbeidslæring) vil og danna grunnlaget for korleis me arbeider i profesjonsfelleskapet.

Elles så skal me bruke tid på å skape ein ny inkluderande og motiverande kultur der alle føler dei bidrar og er viktige for resultatet.


Arbeidsoppgåver

Kontaktlærar:

- planlegga og gjennomføra ei variert undervisning med vekt på elevaktivitet, og som utviklar elevane sin faglege og sosiale kompetanse

- sørge for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø for alle

- samarbeide med føresette

- aktiv deltaking i ulike profesjonssfaglege læringsfellesskap på skulen

Spesialpedagog:

- planlegga og gjennomføra arbeid som legg til rette for læring og utvikling i tråd med sakkunnige vurderingar

- utarbeide og følge opp individuelle opplæringsplanar saman med kontaktlærar

- evaluere og skrive årsrapportar, samt kartlegge elevar

- delta på samarbeidsmøter og i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

- godkjent undervisningskompetanse 1.-7. trinn, eller 5-10 trinn
- kompetanse innan matematikk, norsk, engelsk , musikk og fleirspråkleg pedagogikk er ønskeleg. Kompetanse i spesialpedagogikk er positivt.

- god kunnskap i norsk både munnleg og skriftleg
- du har god forståing og kjennskap til læreplanverket
- du har kompetanse i, interesse for og erfaring med bruk av ulike digitale læringsverktøy
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
i tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetting

Personlege eigenskapar

Du:

er ein trygg vaksen som trivst i klasserommet
er ein dyktig relasjonsbyggar med eit inkluderande elevsyn
er strukturert
er ein robust klasseleiar
er fleksibel og sjølvstendig
har godt humør
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
er positiv, fleksibel og har stå- på- vilje


Vi tilbyr

Du får ein unik sjanse til å vere med å bygge ein ny kultur i ein heilt ny skule med flotte fasilitetar både inne og ute.

Her får du ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vera med å utgjer ein forskjell for elevane, saman med dyktige kollegaer.

Du kan få bruke kreativiteten din på mange ulike område, og saman skal vi skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Rett utanfor skulen er det flotte ute- og turområde og jærstrendene er berre ein sykkeltur unna.

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som fremgår av utlysing, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.



Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Sted
Lunden 3, 4350 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Spesialpedagog
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

lærer, spesialpedagog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kariann F Leikanger
Stillingstittel
Rektor
Telefon
98 43 43 86
Følg firma
244 følger dette firmaet

Lunden 3, 4350 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 353189998
Sist endret 15. mai 2024 14:30

Rapporter annonse