Inaktiv

Barne - og ungdomsarbeidar

Arbeidsgiver
Klepp kommune
Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vi treng fleire miljøarbeidarar i deltidsstillingar til skulefritidsordninga ved Kleppe skule.
Vi har behov for nye tilsette både i tidsavgrensa stillingar fram til 30.12.2024 og til 30.06.2025 og faste stillingar. Alle stillingane tiltrer 01.08.2024.

Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med i overkant av 500 elevar. Vi har eit stort, godt uteområde og har i seinare tid bygd på skulen med ein flott aula og kantine.

Ved vår SFO har vi pr. no tre basar, og vil til hausten ha ca 180 elevar i SFO.

Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Fleire av medarbeidarane har Marte Meo sertifisering og fleire skal på kurs neste år. Saman arbeider vi for å skape ein trygg og god base for alle elevane våre på SFO, med trygge vaksne, mykje leik og kjekke aktivitetar.

Vi er på jakt etter deg som liker å leike og vere aktiv med born, har ønskje og evne til å skape trygge og gode relasjoner, og som har eit ønskje om å bidra til gode dagar for- og saman med alle elevane våre. Om du kjenner deg igjen, så er kanskje du den rette for oss?


Arbeidsoppgåver

40 og 50% stillingar på ettermiddagar i SFO, i hovudsak om ettermiddagar, men nokre morgonvakter kan vere mogleg dersom ein ønskjer det.

Som miljøarbeidar har du ansvar for rettleiing, hjelp og oppfølging av einskilde elevar og elevar i grupper etter skoletid, samt organisering og igangsetjing av ulike aktivitetar og leik. Vi ønskjer vaksne som er fleksible, som kan delta i leiken, som ser elevane sine behov og som er gode på å følgje elevenes ønskjer om aktivitetar. Samtidig som du er ein trygg og stødig vaksen som set grenser og tar ansvar for dine arbeidsoppgåver.

Skriv i søknaden kva stillingsprosent du er mest interessert i.

Kvalifikasjonar

Barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande fagutdanning. Anna kompetanse og erfaring kan og vere aktuelt. Erfaring frå arbeid med barn og unge er nødvendig og det er ønskeleg med erfaring og kompetanse innan barn med spesielle behov.
Gode norskkunnskaper.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker aktive voksne
som skaper gode relasjonar med barn
er strukturert og sjølvstendig
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har eit inkluderande elevsyn
er positiv, fleksibel og har stå-på-vilje
har godt humør

Attesterog vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandskevitnemål må være NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversattetil et skandinavisk språk eller engelsk.Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjonpå blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kangi uttelling på lønnsansiennitet.

Vi tilbyr

Ein spennande, variert og utviklande jobb der du får vere med å utgjere ein forskjell for elevane saman med dyktige kollegaer.
Klepp kommune har velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger.
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Løn i henhold til lokal lønspolitikk

Om arbeidsgiveren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.



Visjonen vår er "Med blikk for alle".  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
8
Sted
Viervegen 10, 4352 Kleppe
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jane Skår
Stillingstittel
SFO-leiar
Telefon
40 03 16 03
Følg firma
244 følger dette firmaet

Viervegen 10, 4352 Kleppe

Annonseinformasjon

FINN-kode 353177342
Sist endret 24. mai 2024 00:04

Rapporter annonse