![Sparebanken Sogn og Fjordane logo](https://images.finncdn.no/mmo/logo/object/1696428985/14_-961673893_medium_321169292023358388.png)
Forsikringsrådgjevar privatmarknad
Sparebanken Sogn og Fjordane
- Frist 09.06.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape gode kundeopplevingar?
Banken har ledig stillingar som forsikringsrådgjevar for privatkundar.
Vi veks og søker etter fleire kollegaer som kan bidra til at vi når våre ambisiøse salsmål.
Du må trivast i ein hektisk kvardag, ha stor interesse for sal og produktformidling samt evne til å kommunisere tydeleg. Hos oss jobbar vi for å skape gode kundeopplevingar og relasjonar, basert på ryddig behovsavklaring.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte
- Sal, rådgjeving og oppfølging av eksisterande og nye kundar
- Medansvarleg for auka aktivitet og sal på livs- og skadeforsikring
- Bidra til å bygge og utvikle gode relasjonar i organisasjonen internt og eksternt
Til stillinga søkjer vi deg som
- Er autorisert i skade og personforsikring, eller har ønske om å ta autorisasjon
- Har erfaring frå sal og kundepleie
- Er engasjert, initiativrik og er utprega sals- og serviceinnstilt
- Kan skape tillit og gode langsiktige relasjonar
- Er ein god lagspelar, men også har stort driv og engasjement i sjølvstendig arbeid
- Er offensiv, resultatorientert og målretta
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Arbeidsstad: Førde . For riktig kandidat kan vi vurdere arbeidsstad ved andre SSF-kontor.
Er du nysgjerrig og tenker at dette kan vere jobben for deg? Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar Tor Ulsten, tlf 90 86 97 04.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet, og har nær 50 % av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 millardar kroner, og nær 290 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
- Sektor: Privat
- Sted: langebruvegen 12, 6800 Førde
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
Forskring, Salg, Personforsikring, livsforsikring, behovsavdekking
- FINN-kode 353172812
- Sist endret