Ønskjer du å vera ein pådrivar for å skapa heilskaplege helse- og omsorgstenester for pasientane?

Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Stillingstittel
Fast 50% stilling som Rådgjevar/Samhandlingskoordinator ved Helsefellesskapet
Frist
05.06.2024
Ansettelsesform
Fast

Fast 50% stilling som Rådgjevar/Samhandlingskoordinator ved Helsefellesskapet

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. 


Om stillinga

Stillinga er eit samarbeid mellom dei fem kommunane Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanager og Øygarden. Desse kommunane utgjer ein av fire kommuneregionar i Helsefellesskapet i bergensområdet.

Gjennom Helsefellesskapet skal spesialistshelsetenesta og kommunane samarbeide enda tettare, og gå frå å vere parter til å bli partnere.

Helsefellesskapet er ein samhandlingsarena mellom kommunar og sjukehus i Helse Bergen HF sitt føretaksområde. Saman skal vi sikra heilskapleg innsats og samhandla for å utvikle og levere berekraftige, gode og samanhengande helsetenester til befolkninga. Samarbeidet skal byggja på likeverdigheit og respekt mellom partnarane, og basera seg på nasjonale verdiar for helsetenesta.

Stillinga er bergensregionen sin ressurs i samarbeidssekretariatet i helsefellesskapet. Sekretariatet er eit koordinerande organ i samhandlingsstrukturen mellom primær- og spesialisthelsetenesta, og bidrar til å sikre samarbeidet i helsefellesskapet (https://www.saman.no).

Du som vert tilsett vil jobba med strategisk utvikling av helsesektoren, saman med kommunane i regionen, spesialisthelsetenesta, fastlegar og brukarrepresentantar.

Arbeidsstedet vil være den kommunen i regionen som passer best mht. beliggenhet for søkjar.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Involvere og samordne kommunane i samarbeidet inn mot Helse Bergen
  • Arbeid med å leggja til rette for heilskaplege og saumlause pasientforløp
  • Oppfølging og revisjon av avtaler i helsefellesskapet 
  • Rådgjevarfunksjon når det gjeld helse- og omsorgsrelaterte spørsmål, og hjelpe kommunane med å ha god oversikt over samhandlingsfeltet
  • Tett dialog og samhandling med regional rådgivar for helseleiarnettverket i regionen
  • Delta i møte med helseleiarnettverket i regionen
  • Samarbeid med tilsvarande funksjonar i Nordhordaland, Bergen kommune og Voss lokalsjukehusområde og i spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på bachelor- eller mastergradsnivå, særs relevant erfaring kan kompensera noko for manglande utdanningsnivå
  • Erfaring / kunnskap om samhandling og samarbeid innan helse- og omsorgssektoren i kommunar og helseføretak
  • Ønskjeleg med erfaring frå offentleg sektor, fortrinnsvis kommunal erfaring

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Du er strukturert, initiativrik og har evne til å jobba sjølvstendig og driva prosjekt / prosesser framover
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god formuleringsevne, skriftleg og munnleg
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • er løysingsorientert og har evne til å motivere og engasjere samarbeidspartar
  • har evne til å bygge nettverk og skape relasjonar
  • evne til å tenkja strategisk og nå resultat
  • er positiv og har evne til å inspirere

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving
  • Fagleg utfordrande og utviklande rolle og funksjon i eit viktig fagfelt
  • Inspirerande, nytenkjande og tverrfagleg miljø
  • Fersonleg lønn i samsvar med lønnspolitikken i kommunen
  • Fleksibel arbeidstid

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Vi ønskjer å spegla befolkninga elles og vere ein mangfaldig organisasjon. Kvalifiserte kandidatar uansett alder, kjønn eller etnisitet blir oppmoda til å søkja.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi får alle søknader elektronisk. Vi oppmodar søkjarar om å skriva søknadsbrev og CV direkte i søkjeportalen og ikkje leggja desse som vedlegg. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.


Om arbeidsgiveren

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai.
Alle ferje sambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande!  
Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor
Offentlig
Sted
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Gro Kalvenes
Stillingstittel
Kommunalsjef
Telefon
41 63 13 37
Kontaktperson
Anne Kvalheim
Stillingstittel
Rådgjevar samhandlingsseksjonen/SSE
Telefon
40 61 26 04
Følg firma
76 følger dette firmaet

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 353166497
Sist endret 15. mai 2024 10:52

Rapporter annonse