Er du barnehagelærar og har lyst på jobb i Suldal. Då treng me deg.
- Arbeidsgiver
- www.suldal.kommune.no
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Frist
- 23.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Frå og med 13.08.2024 har me ledig 100% fast stilling som pedagogisk leiar.
Er du utdanna barnehagelærar og trivst med å jakta på dei små og store magiske stundene i lag med borna? Likar du å by på deg sjølv, er motiverande for kollegane dine og oppteken av kvalitet? Då er det deg me er på leit etter.
Jobben din vil blandt anna innebera:
Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
Møtedeltaking.
Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
Samarbeid med ulike instansar.
Ansvar for vurdering og dokumentering.
Kven søkjer me?
- Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.
Me søkjer som er:
- Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
- Oppteknen av å søkje kunnskap i lag med barn.
- Bidreg til eit positivt læringsmiljø.
- Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
- Tilstadevarande og fagleg interessert.
- I tillegg ønskjer me at du har:
Eit positivt menneskesyn
- Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
- Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
- Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
- Erfaring frå arbeid i barnehage.
- Gode norskkunnskapar.
Kva kan me tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Andre opplysningar:
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Me etterspør dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold ved innkalling til eit eventuelt intervju. Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg til søknaden
- Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett må ta kontakt med Organisasjon og innbyggarkontakt på tlf 52 79 22 00
Suldal kommunen gjer merksam på at søkjarlistene kan vera offentleggjorde.
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Skulevegen 57, 4244 Nesflaten
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
barnehagelærer, pedagog
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne Marie Gamlem Rabba
- Stillingstittel
- Einingsleiar
- Mobil
- 45 61 21 31
Skulevegen 57, 4244 Nesflaten