Inaktiv

Har du nokre års erfaring innan økonomi eller er du nyutdanna? Vi søkjer ny controller

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Har du nokre års erfaring innan økonomi eller er du nyutdanna? Vi søkjer ny controller
Frist
26.05.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Politiet

Er du utdanna økonom og har lyst til å arbeide i ei stor og kompleks verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag? Møre og Romsdal politidistrikt har ledig stilling som controller. Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje på stillinga. Nødvendig opplæring vil bli gitt og det vil vere utviklingsmoglegheiter i stillinga.

Som controller blir du ein del av Stab for verksemdsstyring. Stab for verksemdsstyring skal mellom anna sikre at overordna mål og resultatkrav blir vareteke innanfor tildelt økonomisk ramme. Vi er ein stab på 10,5 stillingar som arbeider innanfor fagfelt som økonomi, tryggleik, eigedom, materiell, innkjøp, internkontroll, dokumentasjonsforvaltning og arkiv.

Politidistriktet består av ni budsjetteiningar og som controller vil du etter kvart få eigen portefølje av einingar med ansvar for løpande budsjettoppfølging og rapportering i driftsåret. Til stillinga ligg også rekneskapsoppgåver som inn/utgåande fakturahandtering, kvalitetssikring av internrekneskap og rekneskapsbehandling av ikkje-statlege midlar.


Arbeidsoppgåver

  • Rekneskapsoppgåver
  • Yte bistand i økonomistyringa, budsjettoppfølging og rapportering
  • Fagstøtte, brukarstøtte og opplæring
  • Internkontroll innan utvalde område
  • Bidra i arbeidet med digitalisering og effektivisering
  • Andre oppgåver kan påleggjast av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Bachelorgrad eller anna formell utdanning tilsvarande bachelorgrad innan økonomi/administrasjon
  • Særleg relevant erfaring kan erstatte kravet om utdanningsretning
  • For stilling som rådgivar må du ha minimum to års relevant erfaring

Det vil vere ein fordel om du erfaring innan økonomi, offentleg verksemd, internkontroll og har spesiell god kompetanse med Excel.

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Personlege eigenskapar

  • Analytisk og kan sjå heilskapen i den økonomiske drifta
  • Kan skaffe deg relevant informasjon og vidareformidle denne på ein god måte
  • Kan jobbe sjølvstendig og handle på uløyste problemstillingar/behov
  • Planmessig, velorganisert og nøyaktig gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her:https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida
  • Stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408), lønn frå kr 495 200,- til 565 900,- brutto per år
  • For særleg kvalifiserte søkjarar med minst to års relevant erfaring (stillingskode 1434), frå kr 548 600,- til kr 646 000,- brutto per år
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Tilgang til bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mulighet for trening i arbeidstida
  • Det kan vere moglegheit for bruk av heimekontor

Om arbeidsgiveren

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller,
Politi
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siri Krohn Dalen
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
92 40 78 58
Kontaktperson
Marthe Persdatter Weddegjerde Dalseth
Stillingstittel
Rådgivar økonomi
Telefon
98 64 93 89
Følg firma
3885 følger dette firmaet

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 353156022
Sist endret 27. mai 2024 00:00

Rapporter annonse