Vi du arbeide med spennande forureiningssaker i Vestland fylke?

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Frist
03.06.2024
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland

Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining

Om stillinga

Statsforvaltaren i Vestland har ledig ei fast stilling som sakshandsamar på miljøavdelinga i forureiningsseksjonen, med kontorstad i Bergen.

Statsforvaltaren har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.

Vi skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi er forureiningsstyresmakt for ulike avfalls - og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova for desse bransjane.

Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 42 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med kontorstader på Leikanger og i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • handsame søknadar om utslepp frå avfall-, avløp-, akvakultur- og industrianlegg
  • handsame søknadar om mudre-, dumpe- og utfyllingssakar og mellombels anleggsaktivitet
  • bidra i oppfølginga av Renere Havn prosjekta i regi av Miljødirektoratet
  • gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
  • handsame klager på kommunale vedtak og forureining
  • ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
  • rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar

Vi har eit breitt arbeidsfelt og jobbar med mange spennande fagområde. Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova. Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Det må påreknast ein del reiseverksemd rundt i fylket.


Kvalifikasjonar

  • relevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanning
  • god kunnskap om miljøpåverknader ved utslepp til det ytre miljøet
  • det vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltning
  • førarkort klasse B

Vi søkjer deg som er

  • strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande
  • fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan forureining
  • initiativrik og har gode samarbeidsevner
  • gode kommunikasjonsevner
  • har godt humør og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø der vi arbeider saman om å løyse oppgåvene
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • heimekontor i snitt ein dag i veka
  • fleksibel arbeidstid
  • ein time trening i veka
  • lønn i samsvar med vår lokale lønnspolitikk

Vilkår:

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • miljødirektør Kjell Kvingedal på telefon 55 57 23 12/mobil 975 04 050 eller e-post kjell.kvingedal@statsforvalteren.no
  • seksjonsleiar Sissel Storebø på telefon 55572317/mobil 928 27 86 eller e-post sissel.storebo@statsforvalteren.no

Om arbeidsgiveren

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.
Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Sektor
Offentlig
Sted
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
385 følger dette firmaet

Solheimsgaten 13, 5058 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 353147713
Sist endret 15. mai 2024 08:33

Rapporter annonse